SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Mannen ville sjølv ta på seg verneutstyr, men seier han fekk ordre om å gjere jobben med ein gong, utan å ta på seg anna enn vernebriller.
Tom Runar Aasen blei skadda i ei arbeidsulykke.
Seniorinspektør Karl Johnsen ved Arbeidstilsynet seier at dette er ein alvorleg feil av bedrifta.
- Vårt syn er at dette er ei alvorleg arbeidsulykke som skjedde fordi arbeidsgivar ikkje følgte opp ansvaret dei har med å sikre arbeidsmiljøet, seier Johansen.
Det var 22 år gamle Tom Runar Aasen som skulle vaske nokon av bedriftas maskindelar med dampane lut.
Aasen seier han ville ta på seg verneutstyr før han gjorde jobben, men han følte seg pressa av dei italienske sjefane til å gjere jobben med ein gong utan å bruke anna enn vernebriller.
Aasen fekk alvorlege lungeskader og går i dag på attføring.
Seniorinspektør Karl Johnsen i Arbeidstilsynet seier dei vil følge nøye med bedrifta i framtida.
- Ei slik sak gjer at vi blir merksame på bedrifta, fordi dette er ei bedrift som driv med ein komplisert og farleg produksjon, seier Johnsen.
Han meiner generelt sett at bedrifter som bryt arbeidsmiljølova eller driv miljøkriminalitet får for låge bøter.