NRK Meny

Sender klage til Bent Høie

Ordførar Kåre Preben Hegland i Kragerø kritiserer administrerande direktør Peder Olsen i Helse Sør-Aust for å stille dårleg budd til eit møte om sjukehussaka i går. Ordføraren seier til Kragerø Blad Vestmar at han vil rapportere saka til helseministeren. I ein e-post til NRK seier direktør Peder Olsen at han er lei for at ordføraren i Kragerø er misnøgd med møtet.