NRK Meny

Seljord vil ha kommunesenteret

Seljord og ordførar Halfdan Haugan vil ha omkamp om kvar kommunesenteret skal ligge i ein eventuell storkommune med Kviteseid og Nissedal. Det har Seljord kommunestyre vedtatt. I intensjonsavtalen er kommunesenteret plassert i Kviteseid, men no ynskjer Seljord å flytte senteret til Seljord. Nissedal og Kviteseid stør planane om eit felles kommunesenter i Kviteseid.

Halfdan Haugan
Foto: Britt Boyesen / NRK