Hopp til innhold

Sel produkt mot stråling – vil ikkje skremme

SKIEN (NRK): Nettbutikken Bioenergiser sel produkt som skal redusere stråling frå trådlause einingar. Dette har ikkje vitskapleg dokumentasjon og spelar på folks frykt, svarar Legemiddelverket.

Tormod Holt

I BUTIKKEN: Tormod Holt viser fram nokre av produkta sine til ein kunde.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Nei, skremsel. Eg har ikkje til hensikt å skremme folk. Dette er fakta som alle bør veta om.

Tormod Holt

SKEPTISK: Tormod Holt er ikkje el-overfølsam sjølv, men hevdar det finst forsking som slår fast at det er knytt ein helsefare til stråling frå mellom anna mobiltelefonar.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Det seier Tormod Holt, mannen bak nettbutikken Bioenergiser som held til i Skien. Han sel ulike produkt som skal redusere helseskadeleg stråling.

– Desse produkta får ikkje fjerna strålinga. Men dei lagar ein motfrekvens som reduserer belastninga på kroppen, seier Holt om ei brikke du kan feste på mobiltelefonen.

Selv om du ikke har noen helseskader ennå, er det helsefarlig å bli utsatt for stråling, så det er lurt å beskytte seg.

Bioenergiser

Ufarleg eller helseskadeleg?

Kvar dag blir vi utsette for stråling frå mobiltelefonar og trådlause nettverk. Kor vidt denne strålinga er farleg, er eit omstridd tema.

Blant anna har fleire reagert på dei nye strømmålarane, og strålar dei sender ut.

Stråling frå mobiltelefonar er på WHO si liste over ting som mogleg er kreftframkallande, utan at dei kan konkludere med det. Statens strålevern seier dei har god kontroll på ulike strålingskjelder og kva effekt dei har på kroppen.

Aukande pågang

Tormod Holt seier stadig fleire tek kontakt med han på grunn av helseplager frå mobiltelefonar og andre strålingskjelder.

– For ti år sidan var det kanskje to-tre i året, nå er det mellom fem og ti kvar einaste dag.

Men Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk lèt seg ikkje overtyde av det. Han meiner produkta til Holm er villeiande.

– Det er ikkje noko av dette utstyret som har dokumentert verknad mot stråling. Det er basert på teoriar som ikkje har vitskapleg dokumentasjon.

steinar

VILLEIANDE: Steinar Madsen i Statens legemiddelverk saknar vitskapleg dokumentasjon for produkt som skal beskytte mot stråling.

Foto: Roald, Berit / NTB Scanpix

– Somme seier at dei merkar ein positiv effekt av desse produkta?

– Det kan skuldast placeboeffekt. Dei fleste former for alternativ behandling er ufarlege, men har heller ingen effekt.

Madsen meiner òg at slik marknadsføring spelar på frykt hjå pasientar som det ikkje er grunnlag for.

Må kunne dokumenterast

Tonje Hovde Skjelbostad, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet, seier at dei har teke imot to klager på Bioenergiser.

Tonje Hovde Skjelbostad

HAR FÅTT KLAGER: Tone Hovde Skjelbostad i Forbrukartilsynet seier at dei har teke imot klager på selskapet til Tormod Holt.

Foto: CF-WESENBERG

– Klagarane reagerer på påstandar om helseeffekt, som dei meiner umogleg kan dokumenterast.

– Men om folk får hjelp av slike produkt, er det ikkje greitt at dei blir selt sjølv om dei ikkje kan dokumentere effekten?

– Når du marknadsfører at noko har ein konkret effekt, men ikkje kan dokumenterast, så er det villeiande og forbode etter marknadsføringslova. Da er det irrelevant om folk føler dei har hatt effekt.

Tesla Gold Series Cube

AKTIV BESKYTTELSE: Tesla Gold er eitt av produkta frå nettsidene til Bioenergiser som skal beskytte mot stråling.

Foto: Frå nettsida bioenergiser.no

Om produktet Tesla Gold Series Cube står det på nettsidene til selskapet at det mellom anna gjev betre søvnkvalitet. Holt vedgår at det ikkje er dokumentert.

– Nei, det finst ingen dobbel-placebo-blindstudiar på dette. Men folk rapporterer attende om det. Dei som kjøper dette skal få ein betre søvnkvalitet, viss ikkje kan dei sende det attende, seier Holt.

– For du har 100 % fornøgd-garanti?

– Så klart. Eg er jo ikkje ute etter å lure nokon.