Hopp til innhold

Sekund frå å verte treft av stein

Familien ante fred og ingen fare da dei var ute å køyrde på fylkesveg 363 i Sannidal i Kragerø fredag ettermiddag. Plutseleg såg dei noko som kom rullande ned frå fjellveggen på venstre side av vegen.

Stein i Sannidal

STOR STEIN: Denne steinen var sekund frå å treffe Sandblom og familien mens dei sat i bilen.

Foto: Sofia Sandblom

– Ein vakker dag var nære på å ende tragisk. Me hadde rett og slett englevakt, seier Sofia Sandblom.

Da eit mørkt objekt kom rullande ned fjellsida, trudde Sandblom og familien fyrst at det var ein høyball. Objektet trefte bakken i høg fart og spratt opp i lufta, for så å lande midt i vegen med eit brak.

Det dei fyrst trudde var ein høyball, synte seg å vere ein stor stein.

– Vår fyrste reaksjon var jo sjølvsagt å stoppe bilen og kome oss ut. Me var jo redd for at det kunne kome fleire steinar, seier Sandblom.

– Kor stor var denne steinen?

– Den vog nok eit par tonn, seier ho.

Felix Sandblom

Sofia tok eit bilete av sonen, Felix Sandblom, saman med den store steinen som nesten trefte bilen deira.

Foto: Sofia Sandblom

Sandblom og resten av familie takkar høgare makter for at dei ikkje kom til staden 3 sekund tidlegare.

– Da trur eg ein eller fleire av oss hadde døydd. Me hadde rett og slett vorte knust av steinen, seier ho.

Ein kan aldri vere førebudd på slike hendingar, men Sandblom seier dei vart ekstra overraska over at steinen kom rullande ned akkurat her.

– Det er så mykje vegetasjon og liknande så det ser absolutt ikkje ut som ein stad der det kan rase stein, seier ho.

Politiet vart raskt varsla om hendinga, og omkring 20 minutt seinare vart steinen fjerna av Statens vegvesen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark