NRK Meny
Normal

Tener feitt på sein påske

Butikkar og næringsdrivande i dei store reiselivskommunane tener feitt på den seine påsken.

Pølsemaker Olav Brubakken

Pølsemakar Olav Brubakken har meir enn dobla omsetnaden frå påsken i fjor.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Pølsemakar Olav Brubakken hjå tradisjonsrike Brødrene Brubakken i Kragerø er mellom dei som merkar trykket.

– Ei førebels oppteljing tyder på at me vil doble omsetnaden frå i fjor, seier pølsemakaren.

Sommarutstyr i april

Påsketrafikken er viktig også for sportsbutikkane.

– Dei første påskedagane selde me svært mange syklar. Det har og gått mange skopar, fortel Magnus Isak Asbergson i Sport 1 i Kragerø.

Magnus Isak Asbergson

Magnus Isak Asbergson er dagleg leiar hjå Sport 1 i Kragerø.

Foto: Stian Waasjø Simonsen / NRK

Den seine påsken tyder at sportsbutikken også kan opne salet av meir typisk sommarutstyr.

– Denne påsken har me seld flust med vestar, men og ein god del båtjakker. Dess dyrare dess betre, seier Magnus Isak Asbergson.

Les også:

Dobla mandag

Også dagleg leier hos Chic, Fredrik Windegaard, fortel om gode påskedagar.

– Mandag i påskeveka dobla me omsetnaden målt mot påsken i fjor. Det er svært bra, seier Fredrik Windegaard.

Fredrik Windegaard

Dagleg leiar Fredrik Windegaard hjå Chic ser ut til å doble omsetnaden i høve til påsken i fjor.

Foto: Stian Waasjø Simonsen / NRK