Seier unnskyld og korrigerer sanduttak

SKIEN (NRK): Tendensiøst og spekulativt. Det er karakteristikk rådmannen i Skien kommune har gjeve kritisk journalistikk i Telemarksavisa rundt sandsaka. No beklagar han.

Sandkrater Geiteryggen

Kor mykje sand er det eigentleg tatt ut? Tala er framleis usikre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg beklagar at han bruka slike ord i ein oppheita debatt, seier rådmann Ole Magnus Stensrud. Han legg til at det aldri har vore behov for å skjule noko i saka om sandkrateret på Geiteryggen.

Det er vore svært mange ulike tal når det gjeld sanduttaket på Geiteryggen. Skien kommune har ikkje presentert tal før dei blei pressa til det på grunn av oppslag i media.

Pressemeldinga, som kom onsdag kveld, syner at sanduttaket kan vera atskilleg større enn det kommunen har operert med som sannsynleg etter at dei fekk rapport frå Sweco.

Ole Magnus Stensrud, Kragerø

Rådmann Ole Magnus Stensrud beklagar

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Kan vera tatt ut 200 000 tonn meir

I ein grundig artikkel sannsynleggjorde Telemarksavisa at måten Sweco hadde rekna ut sanduttaket på, var grunn til å stille spørsmål ved. Blant anna bruka Sweco ein lågare omrekningsfaktor enn det som er vanleg i området.

No legg Skien kommunen fram nye reknestykke i samråd med Sweco. Tala som no bli presentert, er at det truleg er tatt ut mellom 403 000 til 525 000 tonn sand på Geiteryggen.

I saka til formannskap og bystyre opererte rådmannen med eit sannsynleg uttak på 363 000 tonn. Det stemte godt med det fakturerte uttaket som var på 344 000 tonn.

Fekk det svaret som passa

Bestilte kommunen ein konklusjon når det gjaldt uttak av sand?

Me stiller spørsmålet til rådmannen fordi han i si saksframstilling valde å legge fram det lågaste talet som sannsynleg for formannskap og bystyre, det talet som var fråtredt ein mogleg feilmargin.

– Vår oppgåve var å gjera det sannsynleg kor mykje sand som var tatt ut frå Geiteryggen, og viss me trekker frå feilmarginen og legg oss på det nedre nivået, så stemmer uttaket med det som er fakturert, seier rådmann Stensrud. Han avviser at det er snakk om ein bestilt konklusjon.

Sandgrop ved Skien lufthavn Geiteryggen

Det omstridde sanduttaket på Geiteryggen

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Hovudkonklusjonen står fast

Sjølv om Skien kommune innrømmer at talla spriker og er usikre, og at det kan vera tatt ut meir sand enn det dei har presentert som sannsynleg tidlegare, får ikkje dette følgjer.

– Vi kan ikkje sjå at ytterlegare berekningar kan opplyse saka meir, seier rådmannen i pressemeldinga. Kommunen vil no vente på etterforskinga som politiet gjer før dei eventuelt vurderer om ein skal gjera nye forsøk på å koma fram til meir pålitelege tal når det gjeld sanduttaket på Geiteryggen.