SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Ein sauebonde frå Heddal er i føremiddag meldt til politiet etter at ein sau og fire lam falt av ein biltilhengar under transport.
Politiet fekk melding om at dyr falt av tilhengaren på riksveg 37 ved Busnes på Tinnsjøvegen i Tinn kommune.
Søkte med hund etter sauer
Ein sau og fire lam falt av ein biltilhengar på rv. 37. (illustrasjonsfoto)
Politiet klarte etter ei stund å stoppe dyretransporten.
Etter søk med hund blei sauen og eitt lam funne noko forslått. Men framleis er tre lam sakna på strekninga mellom Heddal og Busnesgrend.
Opersjonsleiar Åge Halvorsen seier at det blei bruka ein vanleg biltilhengar under transporten.
Andre trafikantar medlte frå
Bonden som skulle frakte dyra på sommarbeite merka ikkje sjølv at dyra falt av. Han kunne heller ikkje svare på kor mange dyr det opphaveleg var på tilhengaren.
Det var andre trafikantar som meldte frå om dyra som ramla av.
Sauen og lammet som er funne var noko oppskrapa og forslått, men er ikkje avliva, seier Halvorsen.