Hopp til innhold

– Surrealistisk å skåre

Mirakelskåringa til Jone Samuelsen kan vere ny rekord. Ingen har skåra frå lenger avstand med hovudet. – Surrealistisk å skåre, seier Samuelsen.

Jone Samuelsen, Odd Grenland

Jone Samuelsen viser omtrent der han var på banen då han skåra med hovudet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Jone Samuelsen si skåring med hovudet mot Tromsø målte 55,89 i NRK sin rekonstruksjon av skåringa. Heile 3,39 meter inne på eigen banehalvdel fekk Jone Samuelsen stjernetreff med hovudet etter ei klarering av ein tromsøforsvarar.

Jone Samuelsen, Odd Grenland

Jone Samuelsen var 3,39 inne på eigen banehalvdel så han skåra i NRK sin rekonstruksjon.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I ettermiddag blei avstanden kontrollmålt til 57,3 meter av Leif Otto Brekka i Odd Grenland, som gjorde den offisielle målinga med to politimenn som vitne.

Odd Grenland vil nå sende søknad til Guinness rekordbok for å få skåringa registrert som verdas lengste heading i mål, skriv TA.

Nett-TV: Se det fantastiske målet

Video Jone Samuelsens verdensrekord

Jone Samuelsens verdensrekord

Målte 62 yards

Den tidlegare målte rekorden har den 19 år gamle briten Graham Capstick. Han skåra mål med hovudet frå 52,1 meter for Holker Old Boys mot Chadderton som er omtalt i avisa The Sun.

Crapstick si skåring blei målt til 57 yards, og til samanlikning er Jone Samuelsen si skåring på over 62 yards.

– Det var ei veldig surrealistisk oppleving. Eg får ei ganske hard heading mot meg, og det første eg tenker er å få ballen vekk.

Marcus Sahlman

TIL keeper Marcus Sahlman må se ballen trille i mål idet Jone Samuelsen scorer 3-1, under eliteseriekampen i fotball mellom Odd Grenland og Tromsø på Skagerak arena i Skien søndag kveld.

Foto: Teigen, Trond Reidar / Scanpix

Blei lett som ei fjær

Jone Samuelsen er no over tre meter inne på eigen banehalvdel då han får stjernetreff med hovudet.

– Så treffer eg ballen veldig hardt og ballen skyt av stad. Og eg blir ståande å sjå saman med resten av stadion, og tenker kva i all verda er det som skjer. Når eg ser at den siste tromsøforsvararen gir opp så skjønar eg her har eg faktisk klart å skåre mål.

– Korleis opplever du det at ingen klarar å hente igjen ballen og den trillar mot målet?

– Eg var så sliten og trøtt, men plutseleg vart eg så lett som ei fjær igjen. Eg mista hovudet litt, for eg starta å løpe rundt og feire. Det kjentest veldig godt.

Sprø situasjon

– Tenkte du på om dette kunne vere verdsrekord då det skjedde?

– Nei, det skjønte eg først når eg såg det i avisa i dag. Eg forstod jo at eg hadde skårt eit sjeldent mål. Men at det er snakk om verdsrekord, gjer jo situasjonen enno meir sprøtt.

– Du har fått litt merksemd i dag?

– Ja, det blir jo det. Det er eit mål du sjelden ser, og som eg veit at eg aldri kjem til å oppleve igjen. Og då blir det jo litt fokus på det.

Jone Samuelsen, Odd Grenland

Jone Samuelsen fekk stjernetreff med hovudet då ballen gjekk i mål frå cirka 61 yards.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Har ikkje sett liknande

NRK sin fotballekspert Arne Scheie sa NRK Telemarksdeninga måndag morgon at han ikkje kan hugse å ha sett eit liknande mål.

– Eg kan aldri hugse at ei heading har gått i mål frå denne distansen tidlegare, seier Scheie. Men han kan ikkje slå fast sikkert at det er verdsrekord.