Hopp til innhold

– Samfunnet vil tene på å bygge ut E134

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen meiner samfunnet vil tene på å bygge ut heilårsvegen over Haukelifjell.

E134 Haukelifjell brøytebil
Foto: Statens vegvesen/webkamera

Ein rapport frå selskapet Oslo Economics viser at Haukelifjell kan bli det nest mest lønsame Aust-vest sambandet etter Hemsedal.

Konsulentselskapet tilrår riksveg 52 over Hemsedalsfjella som hovudtrase mellom Oslo og Bergen, med E134 på andreplass.

Rapporten er utarbeida på oppdrag frå Opplysningsrådet for Vegtrafikken.

Les også;

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen meiner det ikkje betyr at Haukelifjell blir skuva bakover i køen.

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen, Telemark

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen meiner E134 har mest trafikk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg vil ikkje vere med på det, seier Riis-Johansen.

Han viser til at trafikantane i stor grad vel å bruke E134 over Haukelifjell. Og seier til at tala i rapporten viser at E134 er den mest brukte fjellovergangen mellom Aust og Vest.

– Vi veit at med heilt nødvendige utbetringar, som ikkje er der i dag, så vil den vegen også bli meir attraktiv i framtida, seier Riis-Johansen.

Ikkje to strekar under svaret

Terje Riis-Johansen viser til at ei slik analyse som den Oslo Economics har gjort er avhengig av kva for tal ein legg inn i datamaskinen.

– Difor kan ein ikkje ta den analysen som eit svar med to strekar under. Og dessutan kan ein ikkje la reknearka styre samferdslepolitikken, seier Riis-Johansen.

Han trur det også fort kan kome ei ny analyse som plasserer E134 øvst.

Heller ikkje dagleg leiar i AS Haukelivegen, Børge Skårdal, meiner at rapporten til Oslo Economics betyr ei nedprioritering av E 134.

– Det er heilt andre ting som vil avgjere, seier Skårdal.

Bind saman byar og hamner

Han meiner det er eit innlegg i debatten, og eit reknestykke som er basert på bestemte føresetnader.

Samferdsledepartementet har bedt Statens vegvesen om ei utgreiing av hovudsambandet mellom Aust og Vest som skal kome til hausten.

– Det blir eit avgjerande dokument når det gjeld prioritering, seier Skårdal.

AS Haukelivegen vil arbeide vidare med å få fram styrken til E134 over Haukelifjell er ein viktig veg mot Stavanger, Haugesund og Bergen.

– Og Haukelivegen bind saman viktige byar i Sør-Noreg på ein meir effektiv måte enn dei andre fjellovergangane, i tillegg til at den knyter vegnettet til viktige hamner, seier Skårdal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark