NRK Meny
Normal

– Feil å bli straffa for noko du er avhengig av

SKIEN (NRK): Tidlegare rusmisbrukarar er positive til at fleirtalet på Stortinget varslar ein heilt ny retning i narkotikapolitikken.

Morten Tveter og Håkon Kristiansen

Tidlegare rusmisbrukarar Morten Tveter og Håkon Kristiansen i stova på Natthjemmet i Skien er positive til endringar i narkotikapolitikken.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bruk av narkotika skal ikkje lenger straffast, men behandlast. Det meiner fleirtalet i Stortinget som nå gjer ei historisk omlegging av norsk narkotikapolitikk, og vil overføre ansvaret frå rettssalen til helse og omsorg.

Håkon Kristiansen, tidlegare rusmisbrukar i Skien

Håkon Kristiansen meiner tidlegare rusmisbrukarar har mykje å bidra med i hjelpeapparatet for å hindre unge i å starte eit rusmisbruk.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Det synest eg er veldig bra. For det første kjem rusmisbrukarar til å ta opp færre plassar i norske fengsel. Det vil også bli mindre kriminalitet.

Vi møter mangeårige rusmisbrukarar Håkon Kristiansen og Morten Tveter i stua på Natthjemmet på Skien diakonale senter. Dei går nå på metadon og er kritiske til den praksisen som er i dag.

– Nå blir du berre sett i fengsel, og så er det rett på gata. Det har vore mi oppleving med det i ganske mange år.

Feil å bli straffa

Morten Tveter, tidlegare rusmisbrukar

Morten Tveter meiner det viktigaste er å få oppfølging etter behandling for narkotikamisbruk.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Morten Tveter er også positiv til ein ny narkotikapolitikk.

– Eg meiner det er rett og prøve å finne på noko nytt. Du blir avhengig av det, og då må du ha det. Å bli straffa for noko du er blitt avhengig av blir feil.

Tveter meiner det blir viktig å plukke opp rusmisbruket tidleg for å få hjelp til behandling.

– Oppfølging etter behandlinga er kanskje det viktigaste av alt. At du får noko å gjere, så du ikkje hamnar i same gjørma igjen straks du kjem ut.

Kristiansen meiner tidlegare rusmisbrukarar kan ha mykje å bidra med.

– Vi har levd eit langt liv med rus, og det er ingen dans på roser. Du blir sliten og lei, går ut og inn av fengsel. Eg meiner dei som er på veg ut av det og har lyst, bør kunne få ei stilling i hjelpeapparatet.

Alexander Gunnerud, Skien diakonale senter

Dagleg leiar Alexander Gunnerud ved Skien Diakonale Senter meiner det å vere avhengig av narkotiske rusmiddel sjåast på som ein sjukdom, slik det blir gjort med alkoholisme.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Må sjå det som ein sjukdom

Skien diakonale senter driv Natthjemmet, Dagsenter og eit hybelhus i Skien. Dagleg leiar Alexander Gunnerud er positiv til ei endring i rusmiddelpolitikken.

– Eg tenker at misbruk av ulovlege rusmiddel også kan sjåast på som ein sjukdom, på same måte som alkoholisme. Skal ein få gjort noko med rusproblemet, så må ein hjelpe og ikkje berre straffe.

Gunnerud skjønar dei som er i mot ei endring, fordi dei trur det vil gjere det lettare for ungdom å starte med narkotiske rusmiddel.

– Det er ei utfordring, så eg trur det må gjerast nokre endringar i lovverket, og presisere kva det eigentleg dreier seg om.

Gunnerud meiner helsetilbodet må styrkast mykje når ruspolitikken blir flytta frå justisdepartementet til helse.

– Det må gjerast ein innsats på mange område. Særleg mot unge som er på veg inn i eit rusmiljø. Og dei som er godt etablert i rusmiljøet har meir behov for hjelp enn straff.