NRK Meny
Normal

Rosar dei tilsette etter hundeåtak i barnehage

SKIEN (NRK): Ein tre år gamal gut har fått alvorlege skadar i beinet, etter å ha vorte biten av ein hund i ein barnehage i Skien. Dei tilsette handla raskt, og hindra at fleire barn vart skadde.

Maurtua barnehage

BARNEHAGEN: Det var på Maurtua barnehage i Skien at ein hund beit ein tre år gamal gut.

Foto: Anniken Sanna / NRK

– Eg vil rose dei tilsette i avdelinga på barnehagen som handla så raskt og resolutt. Dette kunne gått mykje verre.

Eirik Sannes Østerlid

ROSAR DEI TILSETTE: Regionleiar for Læringsverkstedet barnehager, Eirik Sannes Østerlid, seier at dei tilsette hindra at det gjekk enda verre.

Foto: Privat

Det seier Eirik Sannes Østerlid, som er regionleiar og ansvarleg for Maurtua barnehage der ein gut vart biten av ein hund fredag ettermiddag.

Ifølgje politiet var det to hundar som gjekk lause, og ein av dei kom seg inn på området til barnehagen. Han gjekk til åtak på ein tre år gamal gut som var ute og leikte seg. Det var vaksne til stades som greidde å skilja hunden frå guten.

– Dei tilsette fekk også redda dei andre barna inn. Det var eit anna barn rett i nærleiken som dei fekk skjerma, seier Østerlid.

Porten i Maurtua barnehage

HOPPA OVER: Hunden har truleg hoppa over gjerdet, seier Eirik Sannes Østerlid.

Foto: Anniken Sanna / NRK

Fekk ein alvorleg skade

Østerlid fortel at personalet tok hand om hunden fram til politiet kom, og dei sende den skadde guten raskt til sjukehus. Han fekk ein alvorleg skade i beinet, og blir operert.

– Vi har rutinar når slikt skjer, og vi vil følgje opp guten og familien framover. Vi kjem til å besøkje han, og legge til rette for at han kan koma attende til barnehagen når han er frisk nok til det.

Dei vil òg følgje opp dei andre barna som var til stades, og prate om det som har skjedd.

– Mange fekk seg nok ein støkk, og vil prate om dei tankane dei måtte ha.

– Er det noko barnehagen kunne gjort for å hindre dette?

– Det er vanskeleg å sjå kva vi kunne gjort annleis for å hindre dette. Men det er noko vi vil ta med oss vidare. Vi vurderer alltid kva vi kunne gjort annleis når det skjer slike hendingar, seier Østerlid.

Vurderer å avlive hunden

Jørn Gustav Larsen

VURDERER Å AVLIVE: Jørn Gustav Larsen i politiet seier at ein politijurist kjem til å vurdere kva som skal skje med hunden.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Politiet har teke hand om hunden, og det er foreløpig usikkert kva som skjer vidare med han.

– Ein politijurist kjem til å vurdere om hunden skal avlivast, seier operasjonsleiar i Telemark politidistrikt, Jørn Gustav Larsen.

  • Her kan du se Østafjells 20.55

    Østafjells 20:55
  • Vogntog sperrer Valebøvegen

    Politiet ber bilister som kjører Valebøvegen være obs på et vogntog som sperrer veien. Det var i 17.30-tiden at vogntoget satte seg fast på Fylkesvei 44 – Valebøvegen – ved Bø.

  • Her kan du se Østafjells 18.50

    Østafjells 18:50
  • UP: Fleire fartskontrollar

    Utrykkingspolitiet vil auke talet på fartskontrollar. Det seier UP-sjef Runar Karlsen. For høg fart er framleis den viktigaste grunnen til alvorlege trafikkulukker, og UP-sjefen trur at fleire kontrollar vil heve terskelen for å bryte fartsgrensene.

    Runar Karlsen
    Foto: Vegard B. Lien / NRK