Hopp til innhold

Røe Isaksen er sjokkert

Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre er sjokkert over at regelverket tillet ein domfelt og utvist mann å få bustøtte og sosialstøtte i Telemark.

Thorbjørn Røe Isaksen

Torbjørn Røe Isaksen vil ha svar frå arbeidsminister Anniken Huitfeldt.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

I dag har Røe Isaksen bedt arbeidsminister Anniken Huitfeldt om å gjere greie for regelverket.

– Mitt spørsmål kjem med utgangspunkt i at dette ikkje er greit, seier Røe Isaksen.

Han meiner det ikkje kan vere slik at dersom du er dømt for ei kriminell handling, til og med ei så grov handling som valdtekt, og ikkje har rett til opphald i Noreg. Så skal du likevel ha rett til støtte frå NAV og bustøtte.

– Statsråden må rett og slett klargjere regelverket. For dette høyres heilt vilt ut, seier Røe Isaksen.

Kommunen skal stille opp

Fylkesmannen vedtok i førre veke å gje nødvendig hjelp til mannen frå Midtøsten.

Ein mann frå Midtøsten som er dømt for valdtektsforsøk og utvist, blir likevel i Telemark med bustøtte og sosialstøtte.

Mannen er utvist frå heile Schengenområdet.

Underdirektør Merethe Solstad hos Fylkesmannen i Telemark seier at viss du sjølv ikkje kan skaffe pengar til mat og bustad, skal kommunen stille opp med nødvendig hjelp.

Høgre og Frp krev nå svar frå arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap) på om dette kan vere rett.