NRK Meny
  • Trafikkproblem ved Svanvik

    Eit vogntog står i området ved Svanvik i Skien og skapar problem i trafikken. Det blir lagt kjetting på vogntoget.

  • Bilulykke i Skien

    Det har vore ei trafikkulykke i Geiteryggdalen i Skien. Tre køyretøy er involverte, to av dei skal vera ukøyrbare. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

  • Snø på hustak i Rjukan

    Huseigarar i Rjukan sentrum bekymrar seg over snø og is på hustaka, skriv Rjukan Arbeidarblad. Problemet er spesielt alvorleg for butikkane i Sam Eydes gate og Storgata, der snøen kan rase ned på folk og bilar.

  • Brann i Treungen

    Naudetatane rykker ut til ein brann i ein einebustad i Treungen i Nissedal. Det skal ikkje vera menneske inne i bustaden.