Hopp til innhold

Rettssak om utleigeplikt er utsett

Rettssaka mellom 19 hyttekjøparar og Svalastog eigedom i Vinje om utleigeplikt er utsett i seks månader.

Rauland

Med omkring 4 600 hytter er Vinje Norges 4. største hyttekommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Rettssaka skulle opphavleg starta 2. november. Dei 19 hyttekjøparane meiner dei ikkje blei informert om at dei har delvis utleigeplikt på hyttene sine.

Konflikten gjeld 8 hytter i Leirgravstaulen og 11 hytter i Gamle Rauland Feriesenter.

Les også: Hyttekjøpere føler seg lurt

Eit møte i plan- og miljøutvalet ber Svalastog eigedom om å kome med ein ny søknad der det ligg føre ei signert avtale om bygging av eit tilstrekkeleg tal med senger på eit felt som er regulert til næring.

Heilt nytt for oss

Før utvalet kan ta stilling til ein ny søknad frå Svalastog eigedom må kommunen sjølv avgjere kva for område Svalastog kan få bygge utleigesenger, og kor mange senger han må erstatte.

Det skal plan og miljøutvalet ta stilling til den 11. november.

Leiar i plan- og miljøutvalet, Tone Edland, seier at dette har vore ei vanskeleg sak for kommunen.

– Det er heilt nytt for oss. Difor må det vi gjer vere nøye gjennomtenkt, seier Edland.

Odd Gunnar Kallevik, advokat

Advokat Odd Gunnar Kallevik.

Foto: Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS

Hyttekjøparane får også utsett kravet om tvangsmulkt av kommunen.

I vedtaket til utvalet får kvar enkelt hyttekjøpar frist til 31. januar 2016 med å sende inn dispensasjonssøknader, for dei som ønskjer å få til ei bruksendring av hyttene frå utleige til fritidsbustad.

Rettssaka stansa inn til vidare

Hytteeigarane sin advokat, Odd Gunnar Kallevik, seier rettssaka no er mellombels stansa, og det vil ta minst seks månader før den kjem opp igjen.

– Viss hyttene til mine klientar kan bli gjort om til fritidsbustader, så vil vi kunne unngå rettssak.

Kallevik seier at det er viktig for hyttekjøparane å få utsett krav om tvangsmulkt av kommunen. Likevel er det nokon av hyttekjøparane som ønskjer å heve kjøpet, uavhengig om hyttene blir fritidsbustad eller næring.

– Dei vil gå til rettssak for å heva hyttekjøpet, seier Kallevik.

Konflikten mellom seljar og kjøparar kan difor likevel hamne i retten om det ikkje blir ei løysing.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark