Hopp til innhold

– Snuoperasjonen i reservasjonssaka kan vera i strid med menneskjerettane

Leiar i Telemark KrF, Dag Sele, meiner at ordlyden i departementets forslag når det gjeld innsetjing av spiral kan vera i strid med menneskjerettane. Spiral er ikkje eit spørsmål om liv og død, svarer departementet.

Dag Sele

Dag Sele er ein av legane som har reservert seg mot å henvise til abort.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Sele og ein annan kollega ved legesenteret i Bø reserverer seg mot å setje inn spiral av samvettsgrunnar. Det same gjer ein kommunalt tilsett lege i Vinje.

For alle desse er det oppretta tilsynssaker som er under vurdering i Helsetilsynet.

Usikkert kva kommunane gjer

Helse- og omsorgssjef i Vinje, Kari Dalen, seier at ho enno ikkje har fått sett seg godt nok inn i skrivet frå departementet.

Ho er usikker på kva dette kan koma til å bety for Vinje kommune som har ein kommunalt tilsett lege som reserverer seg mot å setje inn spiral.

– Me er opptatte av at me skal handtere dette på ein ordentleg måte, seier ho.

Løyste nokre flokar, laga fleire nye

Avtala mellom KrF og helseminister Bent Høie (H) løyste eit par vanskelege flokar når det gjeld abort, men det skapte fleire nye, som blant anna gjeld prevensjonsmetoden spiral.

I fleire kommunar har legar reservert seg mot å setje inn spiral, og det har vore lite klager på denne praksisen som eigentleg aldri har vore tillaten. Når det no blir sett på spissen, reiser det fleire spørsmål, og gjer at reservasjonslege Dag Sele vurderer om han kan halde fram som allmennlege i Bø kommune.

Opnar for oppgåvefordeling

Departementets høyringsutkast opnar for oppgåvefordeling dersom det er praktisk av andre omsyn, men ikkje av samvettsgrunnar. Det står at oppgåvefordeling er akseptabelt når det blir gjort for å dekkje opp vakante stillingar eller avtaleheimlar, ferie- og anna fråvær eller av omsyn til kvaliteten på helsehjelpa.

Sele opplever at dette er ei form for diskriminering av samvetsaspektet.

Helsedepartementet svarar til NRK at innsetjing av spiral ikkje blir sett på som eit liv- og dødsspørsmål. Av den grunn kan heller ikkje reservasjon mot innsetjing av spiral brukast som eit argument, heller ikkje i dei kommunane der det er fellesliste som i Bø.

Fellesliste er i praksis eit arbeidsfellesskap mellom legar der ein formeleg oppgåver både etter spesialitet og som i Bø og fleire andre kommunar, etter samvettsgrunnar.

Bø legesenter

Fleire legar ved Bø legesenter har reservert seg mot å henvise til abort eller setje inn spiral.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Glad for presiseringa

Sele er også varaordførar i Bø, og han er glad både fagleg og politisk for den presiseringa som har kome når det gjeld abort.

Avtala mellom KrF og helseminister Høie sikrar at legar heretter slepp å skrive under på tilvising til abort for kvinner.

Sele er også godt nøgd med at helseministeren no vil setje ned eit utval som skal sjå nærare på samvetsaspektet som knyter seg til slike spørsmål for ulike yrkesgrupper.

– I strid med menneskerettskonvensjonen

Sele seier han har problem med å forstå kva helsedepartementet meiner med formuleringane omkring spiral og oppgåvefordeling.

I pressemeldinga frå regjeringa står det: «I forslaget vil det bli tydeliggjort at det ikkje er mulig å reservere seg mot å sette inn spiral, forskreve p-piller eller henvise til assistert befruktning».

Sele meiner departementet er på tynn is i høve til den europeiske menneskerettskonvensjonen når det gjeld dette.

Førebels er det for tidleg for Sele å sei kva han kjem til å gjera i forhold til sin jobb som lege ved Bø legesenter viss praksisen blir stramma inn slik det kan sjå ut til at departementet ynskjer.

Sele har tidlegare antyda at han må vurdere jobben sin som kommunal lege viss han blir tvinga inn i ein praksis som er i strid med det han meiner er rett og i samsvar med hans legeetiske grunnsyn.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark