Hopp til innhold

AUF: Rekordstor påmelding til Utøya

– Det blir magisk. Det seier nyslått leiar i Telemark AUF, Felix Volpe, før AUF sin sommarleir på Utøya.

Felix Volpe (Telemark AUF)

Det blir magisk å kome til Utøya, seier Felix Volpe i Telemark AUF.

Foto: Johs Apold / NRK

Det er snart fire år sidan attentatet, der 69 personar miste livet. No blir leiren bygd opp att, og når Nye Utøya opnar i juli blir det rekorddeltaking.

– Hittil er meir enn 400 påmelde. 24 av dei kjem frå AUF i Telemark. Det borgar for rekorddeltaking, seier 17-åringen, som blei vald som leiar i Telemark AUF i februar. Då hadde han vore aktiv i ungdomsorganisasjonen i eit drygt år.

Store endringar

Det har skjedd store endringar på Utøya etter sommarleiren i 2011. Det har kome opp fleire bygningar, og no står berre oppryddinga att.

– I helga reiser eg til Utøya for å vere med på dugnad. Det blir magisk. Men det kan og bli eit sterkt møte. Eg er budd på at det kan kome ein reaksjon, seier Felix.

Heidrar ofra

Den nyslåtte leiaren i Telemark AUF er trygg på at organisasjonen kan ta øya tilbake.

– Det har vore eit mål i snart fire år. Det er viktig for oss å syne at terror ikkje kan stogge arbeidet. Difor er det og ekstra fint å registrere at det går mot rekorddeltaking, seier Felix Volpe.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark