Hopp til innhold

Rekordstor kvotejakt på gaupe

Det blir ein rekordstor fellingskvote når kvotejakta etter gaupe startar søndag den 1. februar.

Gaupe fotografert i Østmarka i Oslo med viltkamera fra Norsk institutt for naturforskning

Kvotejakta på gaupe i Telemark startar søndag 1. februar.

Foto: NINA/ viltkamera

Den regionale rovviltnemnda har gitt ein kvote på inntil 35 dyr. Dyra kan felles i området som omfattar Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder.

Nestleiar i den regionale rovviltnemnda, Anne Sandum, seier at rovviltnemnda meiner det er ein stor gaupebestand i regionen. Sjølv om gaupekvoten var på 30 dyr i fjor.

– Det skal vere 12 ynglande gauper, og vi har over 16 ynglande gauper. Det har vi hatt ei stund. Jakta i fjor viste at det ikkje blei færre, og difor har vi auka kvoten i år, seier Sandum.

Gaupejakta er spesiell

Ole Halvor Hjartsjø i Sauherad seier det ikkje er dei beste forholda for gaupejakt, fordi det har vore regn og lite snø dei siste dagane.

– Det er dårleg for jakta. Men det er meldt snø til helga, så det kan bli betre forhold då, seier Hjartsjø.

Han fortel at jakt og forvalting av dyr i naturen er det han likar å drive med på fritida, og at han driv med elgjakt, hjortejakt, rådyrjakt, småvilt og gaupejakt.

– Gaupejakt er veldig spesielt, fordi det er eit dyr som du sjeldan ser. Viss du leitar litt kan du sjå mange teikn på at dei har vore der, men du vite kva du skal sjå etter, seier Hjartsjø.

Jegerane oppfører seg bra

Anne Sandum meiner at det er ein god tradisjon med friviljuge jaktinteresserte som vil jakte på gaupe.

– Jakt på rovdyr er kontroversielt. Og det er sikkert fordi vi ikkje har så veldig mange rovdyr i Norge. Men det er ei lovleg jakt, det blir sett ein kvote for gaupejakta og jegerane oppfører seg stort sett bra, seier Sandum.