Hopp til innhold

Rekordsal av offentlege naturområde

Staten har seld naturområde til ein verdi av nesten 400 millionar kroner. Salet vil halde fram i to år til.

Skog

REKORDSAL: Salet av naturområde slår alle rekordar.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det er ikkje seld så mykje statleg eigedom sidan dansketida, seier arronderingssjef i Statskog, Carl Petter Wister, som har leia salet.

Salet starta i 2011, etter at det statleg eigde skogselskapet, Statskog, fekk kjøpe store skogområde frå Orkla.

I den anledning vart det bestemt at Statskog skulle selje fleire spreidde skogområde. Helst til lokale aktørar.

– Om lag 90 prosent har vorte seld til kommunane og lokale privatpersonar. I tillegg har miljødirektoratet kjøpt nesten 10 prosent, seier Wister.

Carl Petter Wister

STOR INTERESSE: Arronderingssjef i Statskog, Carl Petter Wister, har fått telefonar frå både inn og utland.

Foto: Fotokompaniet Namsos v/ Jon Terje Fossland

Ein handfull eigedomar er også seld til aktørar som ikkje held til i kommunen der eigedomen ligg. Wister stadfestar også at det har vore utanlandsk interesse, men førebels har ingen fått kjøpe.

Statskog har til no seld om lag 500.000 dekar skog, fordelt over 207 eigedomar rundt om i landet. Målet er å selje totalt 750.000 dekar innan året 2020.

Det vart lagt ut nye eigedomar for sal no i mai.

Lokale kjøparar

Helge Gunnar Lurås, som er bonde i Tinn, er ein av dei som har fått kjøpt tilbake skogområde rundt garden sin.

– Det er ei god kjensle å endeleg få kjøpt det tilbake, seier Lurås med eit smil om munnen.

For lokale bønder i Tinn har det vore ein lang kamp for å få kjøpe tilbake skogen i området. Arronderingssalet har gjort det mogleg.

Lurås er nøgd med at salet har ført til at fleire bønder, som han sjølv, har fått utvide landbruket sitt.

– Me som bur her ser på desse skogane kvar einaste dag. Da er det også riktig at me får forvalte dei sjølv.

Helge Gunnar Lurås

GOD KJENSLE: Bonde i Tinn, Helge Gunnar Lurås, meiner lokale bønder er dei beste til å forvalte norske skogar.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Sikker investering

Det er seld eigedomar i alle fylka i Noreg, sett bort frå Finnmark. Interessa for naturområda har vore stor.

– Skog er ei sikker investering, så eg er ikkje overraska over den store interessa, seier styreleiar i Noregs skogeigarforbund, Olav Veum.

Han peiker på at det er ein optimisme i skognæringa for tida, og at dette er med på auke interessa.

Veum er også godt nøgd med at mesteparten av skogområda som Statskog har seld har kome i lokale hender.

– Det er godt å sjå at Statskog har heldt avtala så langt, og me håper dei vil følgje denne strategien vidare, slik at mest mogleg skog kan kome i hendene til lokalbefolkninga, seier Veum.

Olav Veum

POSITIV: Styreleiar i Noregs skogeigarforbund, Olav Veum, er glad for at skogeigedomane kjem i private hender.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK