NRK Meny
Normal

Reiselivspris til Bø Sommarland

Telemark Reiselivsråd delte i dag ut årets reiselivspris. Etter 30 års drift gjekk den i år til Bø Sommarland.

Bø Sommarland reiselivspris
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ein glad direktør Mattis Wilms fortel at prisen betyr mykje både for dei og for omgivnadene.

Han meiner det viser at Bø Sommarland framleis er aktuell for å trekke turistar til Telemark.

– Det var kjempestort og utruleg moro å ta i mot prisen på vegner av det som har vore gjort dei siste tretti åra. Og alle dei tusen tilsette som har vore med på dette opp gjennom åra, seier Wilms.

Direktøren blei gledeleg overraska då han fekk vite at Telemark Reiselivsråd sin pris gjekk til Bø Sommarland.

– Eg har jo berre vore her eitt år, så dette er veldig gledeleg.

Reiselivspris til Bø Sommarland

Styreleiar i Telemark Reiselivsråd, Johan Straand, delte ut reiselivsprisen til Mattis Wilms i Bø Sommarland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Nyttar å jobbe saman

Wilms seier at reiselivsprisen betyr mykje. Og meiner prisen er med på å gjere Bø Sommarland meir kjent, og ei stadfesting på at det nyttar å jobbe saman for å få turistar til Telemark.

– For oss er det viktig å få vere med på det, seier Wilms.

Han meiner reiselivsprisen er ei anerkjenning av Bø Sommarland, trass i endringar på eigarsida.

– Eg synest prisen er ei understreking av kva Sommarland er. Ein vasspark som om lag fem millionar menneske har besøkt på tretti år. Det er det viktigaste for oss som jobbar og bur her, seier Wilms.

Set Telemark på kartet

Johan Straand, styreleiar Telemark reiselivsråd

Johan Straand seier reiselivsprisen også er ein pris til bygda Bø.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Styreleiar i Telemark Reiselivsråd, Johan Straand, seier Bø Sommarland er den største reiselivsbedrifta i Telemark.

– Det er ingen andre reiselivsbedrifter som gir så store ringverknader i Bø og i områda rundt med 130-140.000 gjester som besøker Sommarland i nokre korte sommarmånader, seier Straand.

Han meiner Bø Sommarland set Telemark på kartet både nasjonalt og internasjonalt.

– Det er ingen over, og ingen ved sida av, seier Straand.

Starten på jubileumsmarkeringa

Det har gått tretti år før Bø Sommarland fekk Telemark Reiselivsråd sin pris, og Straand viser til at det har vore nokre turbulente år med skiftande eigarar.

– Med Mattis Wilms som kom inn i fjor har besøkstala auka med over tretti tusen i fjor sommar. Sjølvsagt med hjelp av godt ver. Men også med gode grep som Wilms har gjort, så då meiner eit samrøystes styre at det var rett å gje prisen til Bø Sommarland i år, seier Straand.

Han seier tidspunkt også passa godt med at det er snart tretti år sidan spaden blei sett i jorda for bygginga av Sommarland i Bø.

– Dette var ei verdig markering. Og starten på jubileumsmarkeringa. Dette er ein pris til bygda Bø, seier Straand.