Hopp til innhold

Fann barna ved iskanten i Falkumelva

SKIEN (NRK): Atle Stensrud var like i nærleiken då to gutar hamna i Falkumelva søndag. Han berga den eine opp i kajakken sin, og hjelpte redningsmannskapet å finne den andre guten.

Falkumelva i Skien

Her i Falkumelva ligg isen langs kanten av elva. Søndag hamna to gutar i elva, og no ligg dei alvorleg skadd på Oslo Universitetssjukehus.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tilstanden til dei to gutane som falt i Falkumelva i Skien er framleis livstrugande, ifølgje politiet. Guttane på fem og seks år falt i elva på Strømdalssida av Falkumelva.

Atle Stensrud fortel at han og kona skulle på ein liten ettermiddagstur med dei nye kajakkane sine.

I det dei går frå land blir dei merksame på tre-fire menneske på motsett side av elva om lag 150 meter borte.

– Dei vinkar og vil ha oss til å hjelpe. Vi høyrer ikkje kva dei seier, så eg padlar nærare for å høyre kva dei seier. Og då høyrer eg at dei ropar barn i vatnet.

Atle Stensrud

Atle Stensrud ved Falkumelva i Skien der to gutar hamna i elva.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Peikar langs iskanten

Men då han kjem inntil elvebreidda ser han først ikkje nokon barn.'

– Kor er barnet, spør eg. Dei peikar sørover langs iskanten, og ein tretti meter lenger ned i elva ligg det første barnet som eg får opp i min kajakk og får manøvrert inn til iskanten.

Der tar ein av dei vaksne imot og får sett i gang med nødvendig førstehjelp. Då kjem også dei første ambulansebilane.

– Eg padlar nedover straumen for å sjå om det er fleire barn. Litt lenger nede finn eg ein sko, men det er det einaste eg finn.

Fann barnet under isen

Redningsbåten frå brannvesenet kjem i løpet av nokre få minutt og Stensrud følgjer dei opp til der ulykka skjedde.

– Kona mi som også er kome fram peikar på ein sko som ligg og flyt i iskanten. Her finn redningsdykkarane det andre barnet veldig raskt som ligg og flyt under isen.

Barnet blir raskt frakta vidare til ambulansen som ventar, og flydd til Oslo universitetssjukehus.

Stensrud fortel at han ikkje rakk å tenke så mykje, men gjorde det han måtte for å redde liv. No håpar han det er mogleg å redde dei to barna som blei henta opp av Falkumelva.

– Vi kryssar fingrane, og tenker på familien, seier Stensrud.

Hedda Foss Five

Ordførar Hedda Foss Five seier det er mange som trår til for å gjere det beste dei kan etter den tragiske hendinga søndag.

Foto: Anne Lognvik

Tøft at det skjer i vårt nærmiljø

Ordførar Hedda Foss Five seier dette er tragisk for dei det gjeld og dei næraste pårørande.

– Som ordførar og mor er dette tøft når det skjer i vår kommune og vårt nærmiljø.

Kommunen sitt kriseteam tilbyr hjelp til pårørande, tilsette i aktuell barnehage og skole.

– Dette er menneske som er gode på sorg og krisearbeid, og dei kan tilby hjelp til alle som ønskjer det.

Foss Five seier det er mange som trår til for å gjere det beste dei kan. Ordføraren gjev ros til redningsmannskapet som var raske til å rykke ut.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark