Hopp til innhold

Avisredaktør kritiserer Riksadvokaten

Avisredaktør meiner taktikk, ikkje bevisvurdering truleg avgjorde tiltala i saka der ein politimann var sikta for forsettleg drap i Bamble.

Ove Mellingen

Ove Mellingen er kritisk til Riksadvokaten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Saka i Bamble har fått mykje merksemd, både i media og blant folk flest. Etter at Riksadvokaten konkluderte med å ikkje reise drapstiltale, har lesarinnlegga i avisspaltene, særleg i fylkesavisa TA i Skien, vore sterke og klare.

– Naturleg og fullt forståeleg seier redaktør Ove Mellingen til NRK.no.

Han meiner at stats- og riksadvokat er redde for å tape i retten.

I lokalavisa har det dei seinaste dagane vore fleire lesarinnlegg frå folk som er kritiske til at politimannen, som var sikta for drapet på Linn Madelen Bråthen, slepp tiltale for drap.

Han blir tiltala for å ha forlate kvinna i ein hjelpelaus situasjon, og subsidiært for falsk forklaring. Men siktinga for drap blei altså lagt til side.

Lesarinnlegg i lokalavisa TA

Mange kritiske lesarinnlegg om politimannsaka i lokalavisa TA i Skien.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Redsla for å tape må ha verka inn

Avisdaktøren meiner det kan sjå ut som påtalemakta ikkje har vurdert saka ut frå om det er sannsynleg at han har gjort det eller ikkje, men ut ifrå om det går an å få han dømt eller ikkje. Det er ein interessant nyanseforskjell legg Mellingen til.

Han seier at viss det er meir enn 50 prosent sannsynleg at ein eller annan kan ha gjort eit brotsverk, så skal det reisast tiltale. Det betyr ikkje at det er bevis nok til å få vedkomande dømt. For påtalemakta ville det truleg vera endå meir ubehageleg å reise tiltale for drap, om det enda med at vedkommande blei frikjent.

– Eg veit ikkje, men det kan vera ei taktisk vurdering. Frikjenning i retten ville vera eit større nederlag for påtalemakta enn å legge vekk drapstiltale, seier Mellingen.

– Tar ikkje taktiske hensyn

Anne Grøstad ved Riksadvokaten vil understreke at påtalemakta ikkje tar taktiske omsyn når dei vurderer om dei vil ta ut tiltale.

– Spørsmålet om det skal takast ut tiltale kjem ikkje an på kva som er mest sannsynleg. I alle straffesaker, også denne, gjeld det som eit grunnleggande prinsipp at påtalemakta må være overtydd om at den sikta har straffskuld, og at straffskuld kan bevisast i retten, for å kunne ta ut tiltale, seier Grøstad til NRK.

– Meiningslaust hevdar forsvarar

Forsvarar for politimannen, Arne Lie, er overraska over intensiteten i debatten, men han har inga tru på at det er noko i det TA-redaktøren hevdar.

– Eg har alt for stor respekt for stats- og riksadvokaten til å tru at det ligg taktiske vurderingar til grunn for tiltalevurderinga. Det trur eg ikkje noko på. For meg verkar det heilt meiningslaust, seier Lie.

Les og:

– «Politimann fekk særbehandling»

Fleire av dei som skriv lesarinnlegg, meiner politimannen slepp billig unna fordi han var politimann.

– Me skal ikkje vera folkedomstol, men folk har rett til å seie kva dei meiner, også når det gjeld rettspleia i landet vårt, seier Mellingen.

Han viser til at i denne saka har politimannen alt innrømt at han har loge.

I drapssaka mot Gamal Hosein var det ikkje tekniske bevis, han vart dømt på indisier, seier redaktøren.

Og berre det politimannen har innrømt så langt, gjer at Mellingen meiner det er grunn til å diskutere det stats- og riksadvokaten har gjort no.

– Det er ein viktig debatt, seier han.

Folkedomstol eller rettferdig harme

Advokat Heidi Ysen meiner at slike lesarinnlegg blir som ein folkedomstol der politimannen blir «dømt» lenge før saka kjem til retten.

Slike lesarinnlegg stadfester det eg har sett lenge, det er ei massiv førehandsdøming i denne saka. Dei som skriv veit truleg ikkje meir enn det eg veit ut frå det eg har lese og høyrt, og det er langt ifrå nok til å ta ut drapstiltale, seier Ysen.

Heidi Ysen

Advokat Heidi Ysen er kritisk til folkedomstolen.

Foto: Kjell Vesje / NRK

Ho meiner det er godt og tryggande at ikkje påtalemakta let seg freiste til å vera med på den førehandsdøminga som det er i denne saka, og at også ein politimann har rettsvern som folk flest.

Redaktør Ove Mellingen er ikkje redd for at avisa kan vera med på å førehandsdøme politimannen, og gjere det vanskelegare for han og hans familie, slik advokat Heidi Ysen hevdar.

– Sjølvsagt er det vanskeleg for politimannen og familien hans, og me har tatt omsyn ved å ikkje bruke namn og bilete av han slik VG og TV2 har gjort. Men dette er også vanskeleg for dei som miste dotter si, syster og sambuar, seier han.

Avisa avslutta nettdebatt

Den dagen det blei kjent at Riksadvokaten ikkje kom til å reise tiltale mot politimannen for drap, hadde lokalavisa TA ei debattspalte der folk fekk seie meininga si. Den blei avslutta etter nokre timar.

– Det blei ein heit debatt, og to-tre av oss fylgde med ut over kvelden. Me sletta det som var mest usakleg, og oppmoda folk til å vera saklege, men når det ikkje var mogleg å få eit visst nivå på debatten så avslutta me, seier TA-redaktøren.

Han meiner tema og diskusjonen er viktig, og at det skal vera rom for å gje uttrykk for meiningane sine. Han seier at lesarinnlegga blir sila, og at enkelte aldri kjem på trykk.

Heller ikkje advokat Heidi Ysen meiner det er grunn til å sensurere vekk lesarinnlegg sjølv om dei kan definerast som førehandsdømande.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark