SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Den 15. mai gjekk fristen for aksjeteikning ut, og det manglar om lag ein halv million kroner for at bedrifta skal kome i gang.
Raulandslam vil levere lammekjøt til restaurantar i Buskerud, Telemark og Vestfold.
Men interessa for Raulandslam er lågare enn det var venta.
Raulandslam håpa å få inn 1,7 millionar kroner. Leiar for interimstyret, Bjørn Borgersen, konstaterer at det har vore for dårleg oppslutning.
Håpar framleis
- Første gongen vi hadde aksjeteikning fekk vi inn åtte hundre tusen kroner, og denne gongen berre 200.000 kroner, seier Borgersen.
Det betyr at Raulandslam framleis manglar ein halv million kroner.
- Vi er litt skuffa over at folk ikkje har sett at dette er ein gylden sjanse til å få igjen litt meir for slaktet, seier Borgersen.
Han meiner ikkje at dette betyr at Raulandslam ikkje kjem i gang, men Borgersen seier det hastar med å skaffe den halve millionen som manglar.