Hopp til innhold

Rånarsjef kan få fengsel og bot

Aktor la ned påstand om fengsel og bot for rånarsjef Espen Kittilsen.

Tollef Skobba og Espen Kittilsen

Rånarsjef Espen Kittilsen og forsvarar Tollef Skobba i Aust-Telemark tingrett.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Aktor Asle Sandnes ba om fengsel i tretti dagar på vilkår med ei prøvetid på to år for rånarsjef Espen Kittilsen i Aust-Telemark tingrett måndag.

Høyr intervju med rånarsjefen etter rettsaka

I tillegg ba Sandnes om at rånarsjefen blir dømt til å betale ei bot 15.000 kroner.

Les bakgrunnen: Rånersjef tiltalt på Notodden

Forsvarar Tollef Skobba ba om at hans klient, Espen Kittilsen, blei frifunnen for dei mest alvorlege punkta i tiltalen, og at rånarsjefen blir dømt på mildaste måte

Første rånar som er tiltalt

Kittilsen erkjenner ikkje straffskuld for den delen av tiltalen som handlar om ein dekkbrann i Notodden sentrum.

Men han erkjenner hensynslaus bruk av horn og lyssignal og at han har kjørt bil utan godkjente kjenneteikn.

Kittilsen innrømmer heller ikkje å ha forstyrra den alminnelege ro og orden under demonstrasjonen mot stengt storgate på Notodden ifjor.

Det er første gongen ein rånar står tiltalt for å ha forstyrra ro og orden, og for brot på vegtrafikklova.

Dom i saka kjem truleg på tysdag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark