SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Den planlagte streiken ved Sjukehuset Telemark vil gå ut over barn og kreftsjuke pasientar. Det seier personal og organisasjonsdirektør, Hans Evju.
Sjukehuset søker nå om dispensasjon slik at planlagte operasjonar kan gå som normalt dersom det blir streik frå i morgo.
Fryktar for kreftpasientar
Dei tillitsvalde avviser at streiken set liv og helse i fare, men Hans Evju fryktar at kreftpasientar blir ramma.
- Både no og tidlegare streikar er det teke ut sjukepleiarar som det er planlagt skal vere med på kreftoperasjonar. Men desse har vi tidlegare fått dispensasjon for, det å vi stole på at skjer no også, seier Evju.
Han meiner dei no må gå igjennom og sjå på om nokon av dei planlagte operasjonane kan ramme liv og helse for pasientar.
48 arbeidstakarar ved Sjukehuset Telemark kan bli tekne ut i streik i morgo.
Både sengepostar, poliklinikkar og barnehagetilbodet blir berørt viss meklinga ikkje fører fram, og det blir streik.
Vil ikkje sette liv i fare
Norsk sjukepleierforbund har teke ut 33 medlemmar, Norsk Ergoterapeutforbund har teke ut 4, Utdanningsforbundet 4 og Norsk fysioterapiforbund 7 medlemmar i streik.
- Streiken rammar økonomien ved Sjukehuset Telemark og ikkje pasientar. Det vil ikkje sette liv i fare, seier Kjersti Kleiv Ovenstrøm i sjukepleiarforbundet.
Ho seier at sjukepleiarane skal klare på å skåne barn, kreft, psykiatri og akutt sjuke dersom det blir streik. Dersom nokon av desse gruppene blir ramma vil vi vurdere å gje dispensasjon.