NRK Meny

Rådmannen må møte i Kontrollutvalet

Fylkesrådmann Evy-Anni Evensen må forklare seg for kontrollutvalet i fylket. Det er Framstegspartiet som ber rådmannen møte for å forklare kvifor administrasjonen kalla inn alle parti så nær som Framstegspartiet til eit pressemøte om Bypakke Grenland. Gruppeleiar Thorleif Fluer Vikre meiner at administrasjonen har gjort seg til ein del av den politiske leiinga.

  • OBS-varsel i morgon

    Laster Twitter-innhold
  • Store manglar ved Flatdal skule

    Flatdal skule manglar undervisningsrom og er for dårleg isolert, skriv Vest-Telemark Blad. Rådmannen i Seljord ber politikarane om å gje skulen dispensasjon, slik at han kan drivast til manglane blir retta.

  • Tre personar til legevakt

    Tre personar er sende til legevakt for sjekk etter bilulukke i Kilebygda i Skien. Det er framleis ukjend kva som skjedde da to bilar kolliderte.

  • Trafikkulukke i Kilebygda

    Politi og brannvesen er på veg til ei trafikkulukke i Kilebygda i Skien. To bilar har kollidert front mot front. Skadeomfanget er foreløpig ukjend.