Hopp til innhold

Politiets råd for julebordsesongen

Telemark Politidistrikt har laga ei liste på tolv julebordreglar. Med enkle triks kan du unngå at julebordet endar i katastrofe.

Politipatrulje

Det blir gjerne mykje folk i sentrum i julebordsesongen. Derfor har politiet laga nokre råd for publikum.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Politistasjonssjef i Grenland Annie Sandersen seier at dei har erfaring med at det blir lange køar for å ta drosje og mykje folk i sentrum i julebordsesongen.

– Her kjem det folk som har vore ute på byen ei stund som gjerne vil heim, og helst fort. Og dei er kanskje ikkje kledd for å stå ute om kvelden.

Følg råd frå politiet

Annie Sandersen

Politistasjonssjef Annie Sandersen ved Grenland politistasjon.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Politiet har laga nokre enkle tips for korleis folk kan få det like moro på julebordet, og likevel vakne opp om morgonen dagen etterpå like heil og med godt samvit.

– Det er viktig. For politiet ønskjer at folk skal ha det moro på julebord, og at alle skal kome vel heim, seier Sandersen.

Ho meiner det er viktig å følgje dei råda som politiet gir.

– Det handlar i første rekkje om å ta vare på kvarandre. Vere ein god ven heile kvelden, og det er dessutan ein gode ide å vere forsiktig med alkoholinntaket.

Unngå piratdrosjer

Sandersen seier det er viktig å unngå piratdrosjer for det er aldri godt å vite kven som køyrer den.

– Ikkje ein gong om dei har gyldig førarkort. Eller om dei har til hensikt å køyre deg heim.

Det er også viktig å ta på seg godt med klede, for det kan bli kaldt å vente på drosja. Eller bestill ei drosje på førehand.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark