NRK Meny
Normal

Punkterer egg for å stoppe grågåsa

KRAGERØ(NRK): Det surrar i drillen når det sylskarpe boret brøyter seg veg gjennom det tjukke eggeskalet. Grågåsa får i beste fall ein fugleunge i år.

Gåseegg blir punktert

EGGPUNKTERING: Det skjer vet at ein rett å slett å borer eit hol gjennom skalet slik at det ikkje blir fugleungar.

Foto: Anne Lognvik

Det er stille i kystbyen. Enno er det nokre veker til storinnrykket av hyttefolk og andre turistar. Men viltnemnda i Kragerø har det travelt.

Erik S. Jenen, viltforvaltinga Kragerø

Erik S. Jensen er rådgjevar i viltforvaltinga i Kragerø.

Foto: Anne Lognvik

– Me får masse telefonar når hyttefolka kjem på hyttene sine. Dei har fine plenar ned mot sjøen, og der likar grågåsa seg. Hyttefolka seier at dei nesten ikkje kan gå på plenen, dei må rake gåseskit kvar dag.

Jan Petter Johannessen i Kragerø Skjærgårdstjeneste har ein båt som gjer det enkelt å legge til på holmar og skjer. Karane frå viltnemnda leitar opp reira, og punkterer egga med eit unnatak.

Før hadde de ingen – nå sliter øya med grågås

Ein skånsam metode, men ikkje ideell

Det er Miljødirektoratet som gjev løyve til punktering av gåseegg.

– Me er ikkje kjempehappy med at egga blir punkterte utan at dei blir nyttegjorde på eit vis. Det er lov å sanke egg fram til 15. april, men i enkelte område er det lita interesse for å sanke egg. Seier Terje Bø, fagdirektør for viltseksjonen i Miljødirektoratet.

Han opplyser at det er rundt 100 000 grågås langs norskekysten, og 25 000 hekkande par. Direktoratet har gjeve løyve til eggpunktering i Oslofjorden, Kragerø, Bamble, Frosta og i Porsanger- og Varangerfjorden.

Grågås

Det er rundt 100 000 grågås langs norskekysten.

Foto: Åsmund Asphaug

I prinsippet imot, men aksepterer metoden i praksis

Norsk Ornitologisk Forening likar ikkje punktering av grågåsegg.

Martin Eggen fra NOF

Martin Eggen er naturvernrådgjevar i Norsk Ornitologisk Forening.

Foto: Norsk Ornitologisk Forening

– Det er menneskja som har gjort at det er gode kår for grågåsa slik at dei blir fleire, seier Martin Eggen i NOF.

Han legg til at foreininga godtek eggpunktering der grågåsa skaper vanskar for landbruket. Punktering er meir skånsamt enn nedskyting i hekkesesongen.

I den vanlege jaktsesongen er det vanskele g å drive ordinær jakt på grågås. Mange stader er det fleire turistar enn grågås, då blir det dårleg stemning i ferieparadisa.

Gåseinvasjon gir tidligere jaktstart

53 egg punkterte på to timar

For dei som driv landbruk på Jomfruland og Stråholmen er grågåsa ei plage. Ho slår seg ned på jorda og et og skit. Både fastbuande og hyttefolk i Jomfruland nasjonalpark klagar på grågåsa.

– Følgjene blir at bøndene må importere fôr frå fastlandet, seier Vidar Haslund i viltnemnda. Talet på grågås har auka kraftig dei seinare åra.

I løpet av to timar har karane frå viltnemnda punktert 53 gåseegg.

– Trur du grågåsa reagerer på at det berre er liv i eit av egga?

– Det er vanskeleg å sei, det veit me lite om, svarer Erik S. Jensen.

Med vante steg hoppar dei i land, gjer jobben og trekkjer dei seg raskt attende og let fuglane vera i fred.

– Det er viktig at me forstyrrar så lite som råd, avsluttar Jensen.

Grågås på reir

Grågåsa ligg på reiret og ruger.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Les også: