NRK Meny
Normal

Private skolar kan erstatte offentlege i Hjartdal

Politikarane i Hjartdal kommune forslår å samle alle elevane ved ein sentral skole i kommunesenteret. Samtidig legg dei til rette for private skolar der skolane blir lagt ned.

Tuddal skole i Hjartdal kommune

TUDDAL: Det er 12 elevar på Tuddal barneskole, og i barnehagen er det om lag tjue ungar. Hjartdal oppvekstsenter har 26 barn i barnehagen og 35 barn i barneskolen.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Elevane i Tuddal er alt vane med å køyre buss til og frå skolen. Men i framtida må dei kanskje belage seg på å sitte enda lenger på bussen.

Sondre Bondal bur i Bondal og er åleineforelder til to ungar som går på skule i Tuddal. Når skolen blir lagt ned får ungane tre timar på bussen til og frå skolen i Sauland.

– Det er så enkelt at det blir lang reiseveg, og det blir ei stor belastning for dei foreldra som er her. Eg må i tillegg ta fri frå jobben for å hente ungane i Sauland. Det blir vanskeleg, seier Sondre Bondal.

Blir straffa for å stå åleine

Sondre Bondal, forelder frå Bondal

Sondre Bondal er forelder til to barn på Tuddal barneskole.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Grendeskolane i Hjartdal og Tuddal skal bli lagt ned, og elevane skal flyttast til sentrum av kommunen til Sauland skole. Det betyr lengre reiseveg og ei stor belastning for elevane.

I Hjartdal sa 75 prosent av innbyggarane nei til ei kommunesamanslåing med nabokommunane. Ordføraren meiner at politikken regjeringa fører straffer kommunens økonomi.

Nå utsett kommunen nedlegginga av dei to grendeskolane i eitt år, og legg til rette for friskolar. Ein politikk dei eigentleg er i mot.

– Det er i utgangspunktet ikkje noko vi vil gjere, men vi er i ein situasjon der rammevilkåra til Hjartdal kommune blir så kraftig redusert med den regjeringa vi har hatt i fire år. Vi blir straffa som kommune for å velje å stå åleine, seier ordførar Bengt Halvard Odden.

Legg til rette for friskolar

Bengt Halvard Odden, ordførar i Hjartdal

Bengt Halvard Odden, ordførar i Hjartdal

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Denne skolesituasjonen fører til at foreldra i Tuddal planlegg ein privat skole på eige initiativ.

– Ein av hovudårsakene til at vi dette er rett og slett å få ro rundt den skoledebatten, seier Bondal.

Bygdas engasjement gjør at ordføraren frå Arbeidarpartiet går i mot sin eigen politikk.

– For meg så er dette litt todelt. Reint partipolitisk meiner eg det er det offentlege som skal drive skolar. Når vi ikkje har rammevilkår for det, og vi ser det enorme engasjementet ute i bygdene, så ønskjer også vi å legge til rette for at dette skal lukkast.

Dermed får foreldra betre tid til å etablere ein privat skole.

– Vi håper og trur at både kommunen og politikarar har lyst til å jobbe saman med oss for å få dette i gang på best mogleg måte, seier Bondal.

  • Leter etter savnet pasient

    En kvinne på 88 år som er pasient på Vessia i Porsgrunn er savnet. Politiet er ikke sikker på hva hun hadde på seg da hun forsvant. Likevel ber politiet folk om å ringe 02800 dersom de ser kvinnen.

  • Anmeldt for scooterkjøring

    Politiet og Statens naturoppsyn har utført kontroll av motorferdsel i utmark i Vinje og Seljord denne helgen. 4 personer er anmeldt for å ha kjørt snøscooter uten løyve. Statens naturoppsyn har skrevet ut 3 gebyrer til snøscooterkjørere som har kjørt utenfor lovlige traseer i Vinje.

  • Fare for flere feil

    222 kunder er nå uten strøm i Vestfold og Grenland. De fleste av disse er knyttet til en kontrollert utkopling for å fjerne is fra ledningene vest for Farrisvannet i Larvik. Det skriver Skagerak i en pressemelding. Mange steder er det mye snø og is på ledninger og trær. Faren for nye feil gjør at selskapet gjennomfører kontrollerte utkoblinger. Mildværet og nedbøren som er ventet til uka øker faren for nye feilsituasjoner, ifølge Skagerak Nett. Derfor opprettholder derfor selskapet full beredskap. Se avbruddskart her.

    Mats Holmbakken, Skagerak Nett, driver feilretting i høyden.
    Foto: Geir Iskasen / Skagerak Nett