Visit Telemark sine nye webløysing vann prisen for mest kreative bildebruk for å marknadsføre ein destinasjon under ein digital konferanse i London.
Juryen framheva den autentiske tonen og stemninga i bileta på websida.
Då det nye designen blei presentert tidlegare i år blei det debatt og mange forskjellige reaksjonar. Men Snøhetta var så fornøgd at dei ønskte å vinne ein pris.
Les meir om reaksjonane her:
Spennande prosess
Dagleg leiar i Visit Telemark, Irene Vestby Siljan, synest det er flott at dei nye websidene blir lagt merke til internasjonalt.
– Gjennom den nye merkevareplattforma har vi fått eit solid uttrykk for å vise fram Telemark, seier Vestby.
Visit Telemark, Snøhetta Design og New Mind tellUs har samarbeida i prosessen med å utarbeide dei nye websidene.
– Det har vore utfordrande og spennande, seier Vestby.
Fleire reiselivsbedrifter i Telemark vil jobbe med Visit Telemark og ta i bruk den nye webløysinga framover.
Les også:
Nominert i ny konkurranse
Telemark sin nye merkevaredesign er også blitt nominert som Snøhetta sitt bidrag i ein kategori til Nordens største grafiske konkurranse.
– Her er det ei ære bare å bli nominert blant hundre bidrag i kvar kategori, seier Vestby.
Prisutdelinga skjer den 17. oktober.