NRK Meny
Normal

Denne skal ikkje i komposten

Denne planta er i ferd med å døy, men kvar gjer du ? Mattilsynet har svaret.

Kast potteplanta i søpla

Gjer som Marie Roksund, la potteplanta gå rett i søpla.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Plante som er sjuk

Denne planta er full av svarte prikkar. Er det lus tru? I alle fall er planta i ferd med å døy.

Foto: Roald Marker / NRK

Den skal ikkje komposten, der kan den koma til å spreie sjukdom. Gjer som Marie Roksund, la den gå rett i søpla eller restavfallet.

Nei takk!

Me slåst ein håplaus kamp mot brunsneglar eller mordarsneglar som dei heiter på folkemunne. Den kampen ser ut til å vera tapt, men mange andre farar trugar.

Sommaren er høgsesong for planter og nyttevekstar, me vil gjerne ha det vakkert rundt oss. Men dei færraste veit kva me skal gjera for å ikkje spreie planter, insekt og dyr som me ikkje vil ha i norsk natur. Det veit Mattilsynet noko om. Dei kjempar ein dagleg kamp for å stoppe smitte.

Anne Kari Kroken

Anne Kari Kroken i Mattilsynet seier at alle har eit ansvar for blindpassasjerar i naturen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Viss me alle tek ansvar, er det mange måtar å sikre seg betre på, seier seniorkonsulent Anne Kari Kroken i Mattilsynet.

Veldig freistande å ta med litt heim

– Mange av oss blir nok freista til å ta med seg vakre planter heim frå utlandet, og sjå om me kan få dei til å gro i eigen hage. Ikkje gjer det, ber Mattilsynet.

Det er mykje informasjon på nettet om kva slags reglar som gjeld. Tek folk omsyn til dei, så går det stort sett bra, fortel Kroken i Mattilsynet.

Plantesmitte spreier seg trass i stadige kontrollar. mattilsynet seier at alle har eit ansvar.

NEI - NEI - NEI ! Den skal ikkje i komposten!

– Det visste me ikkje

I den vakre bøkeskogen i Larvik treffer NRK familien Tamira Prytz og Jørgen Mathisen med sonen Edvard og hunden.

Dei går tur i bøkeskogen nesten kvar einaste dag, og er nøye med å følgje på stigane for ikkje å spreie smitte. Bøkeskogen har nemleg fått sopp som kan vera introdusert fordi folk har kasta hageavfall i området.

Tamira innrømmer glatt at ho ikkje er utprega hagemenneskje, så ho kjøper ikkje så mange planter.

Tamira Prytz, Edvard og Jørgen Mathisen

Tamira Prytz, Edvard og Jørgen Mathisen saman med familiehunden går tur i bøkeskogen nesten kvar dag.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Men kva gjer du med potteplantene som døyr? spør journalisten.

– Dei kastar me i komposten, svarer Tamira.

Det er feil ifølgje Mattilsynet. Dei skal anten i restavfallet eller på søppeldeponiet.

Jørgen er i tvil om han vil køyre til søppeldeponiet med ein eller to daude potteplanter, men Tamira er klar.

– Heretter skal me kaste potteplantene på rett plass, men dette visste me ikkje, seier Tamira. – Me er då pliktoppfyllande, legg ho til. Jørgen nikkar, og er einig. Det unge paret ynskjer ikkje å vera med å spreie smitte som den sovande vesle prinsen i vogna må slite med når han i si tid får hus og hage.