Edvard Mæland er fylkesleiar i Høgre og leiar i vegnemnda for E134 og riksveg 36.
Vegnemnda arbeider for at E134 med ei grein til Bergen og Grenland skal bli ein ny nasjonal transportkorridor.
Og i statbudsjettet er både riksveg 36 frå Seljord til Eidanger og riksveg 13 mellom Odda og Bergen foreslått som nye stamvegar.
Nye stamvegar
Edvard Mæland ser det som eit viktig steg at desse riksvegane nå blir foreslått som nye stamvegar.
- Dersom E134 og riksvei 36 også blir ein eigen nasjonal transportkorridor, betyr dette at desse vegane kjem på A-laget på stamvegnettet. Og desse vegane vil bli prioritert blant stamvegane i framtida når det gjeld pengar, seier Mæland.