Hopp til innhold

Positivt besøk på sjukehuset

Finansminister Siv Jensen vil ha på plass strålesenteret i Skien så raskt som mogleg, men ho seier det er styret i Helse Sør-Aust som må prioritere investeringane.

Siv Jensen Besøk Sykehuset i Teleamrk

SAMLA FLOKK: Finansministeren gjekk fyrst i toget under besøket på sjukehuset.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Hovudansvaret til regjeringa er å syte for at dei årlege budsjetta til helseføretaka er gode, men sjølve vedtaka er det dei som må ta, seier finansminister Siv Jensen.

Jensen var i dag på besøk hos Sjukehuset Telemark og fekk høyre planane deira framover for strålesenteret. Målet er at alt skal stå klart 1. januar 2019.

– No som det er bestemt at det kjem eit strålesenter til Sjukehuset Telemark, er det viktig med ein god framdriftsplan, slik at ein får realisert senteret så raskt som mogleg.

Siv Jensen på besøk sjukehuset Telemark

Siv Jensen vil at det nye strålesenteret skal vere på plass så fort som mogleg.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Har ein plan

Direktør ved Sjukehuset Telemark, Bess Frøyshov, var positiv etter møtet med finansministeren og har tru på at dei er i rute med planane.

Me har laga ein god plan for korleis me skal gå fram med tanke på rekruttering og bygging. Når det gjeld rekruttering kan me jo ikkje ha alt på plass enda sidan senteret ikkje skal opne før i 2019.

Frøyshov er også glad for at dei blir prioritert av eigarane sine.

– Det at regjeringa vel Telemark som det fyrste prosjektet i dei mange stråleprosjekta som kjem no, er viktig for oss, seier Frøyshov.

Siv Jensen besøker Sjukehuset i Telemark

FRÅ VENSTRE: Bård Hoksrud, Jan Terje Olsen, Trond Ballestad, Siv Jensen, Karianne Hansen, Hedda Foss Five, Bess Frøyshov

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Ingen konkrete løfter

Siv Jensen kunne ikkje kome med nokre konkrete økonomiske løfter etter besøket i dag. Jan Terje Olsen i Skien Høgre trur det er heilt naturleg.

– Eg trur ikkje ein statsråd kan gå for detaljert inn i økonomiske investeringar, og heller ikkje gje nokre løfte. Fordi det kan ho få svi for seinare, seier Olsen.