SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Dermed rykka Pors over nedrykkstreken på tabellen i første divisjon, avdeling A.
Dag Eilev Fagermo er trenar i Pors Grenland. Foto: Pors Grenland
Pors Grenland spela sin beste kamp i år - då dei utklassa Mandalskameratene med 4 - 0 på Pors stadion i går.
Låg i botnskiktet
Med bare fire poeng etter åtte kampar låg Pors heilt i botnskiktet i 1. divisjon.
- Vi trengte sårt ein siger for å få opp spele-humøret, seier Pors-trener Dag Eilev Fagermo.
Dette var kampen som Mandalskameratene var sikre på å vinne alt før avspark.
Med 7. plass på tabellen, og ein statistikk som fortalte at dei stod utan tap på Pors stadion dei siste 10 åra, var dette lett kamp.
Og etter ein mållaus 1. omgang var det mange som trudde gjestane skulle få rett.
Måla rulla inn
Men så starta måla å rulle inn.
1-0 til Pors etter 54 minuttar ved John Erling Kleppe styrer ballen til side for målvakta.
10 minutter seinare headar Trond Inge Haugeland ballen inn.
Håvard Kleven sikrar tre null etter 89 minuttar. Og så Fredrik Nordkvelle 4 - 0 etter ei langpasning frå Erik Pedersen.