Normal

Populær prestestilling i Bø

Mange vil bli sokneprest i Bø, men stillinga måtte lysast ut tre gonger først.

Bø kyrkje/kirke, Bø i Telemark

Den nye kyrkja i Bø er ei langkyrkje bygt i 1875.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ti personar har søkt på stillinga som sokneprest i Bø etter at stillinga har vore utlyst to gonger tidlegare utan resultat.

Det er seks menn og fire kvinner som har søkt på prestestillinga.

Fleire ledige stillingar

Det er også to andre ledige soknepreststillingar i Telemark med søknadsfrist 12. januar.

Det er for Eidsborg, Mo, Skafså, Høydalsmo og Lårdal tenestestad. Og Hjartdal for tenestestad.