Hopp til innhold

Slik blir det nye politi-Telemark

Politimeister Christine Fossen la torsdag fram si tilråding for politi og lensmannskontor. Her kan du sjå kor dei nye politistasjonane og lensmannskontora skal ligge.

Christine Fossen

POLITIREFORM: Politimeister Christine Fossen la fram si tilråding for politidirektoratet om politistruktur i Buskerud, Telemark og Vestfold.

Foto: Hans Christian Eide / NRK

Den endelege tilrådinga frå politimeisteren anbefaler 26 tenestestader organisert i 12 tenesteeiningar i Sør-Øst politidistrikt. Det inneber ein reduksjon på 17 kontor i de fire tidlegare politidistrikta i Buskerud, Vestfold og Telemark.

– Det er sjølvsagt nokon som ikkje vil vere fornøgd, men vi har prøva å gjere dette så bra vi kan ut frå dei føringane vi har fått frå Stortinget og justisdepartementet om intensjonane med politireforma, seier politimeister Christine Fossen til NRK Telemark.

Telemark blir delt inn i fire politidistrikt.

Kart over Sør-Øst politidistrikt

SØR-ØST: Dei raude prikkane viser politistasjonar. Og dei gule er lensmannskontor.

Foto: Sør-Øst politidistrikt

Grenland politidistrikt som dekker Skien, Siljan, Porsgrunn og Bamble blir lagt til Grenland politistasjon i Skien. Og det blir lensmannskontor i Bamble.

Det blir lagt vekt på at Bamble er den tredje største kommunen i Telemark som ligg nær E18, har mykje industri med fare for arbeidsulykker og større industriulykker. I tillegg har Grenland havn eit av dei største skipsanløpa i landet.

Vestmar politidistrikt dekker Kragerø og Drangedal med politistasjon i Kragerø. Politikarane i Drangedal ønskjer å behalde lensmannskontoret i kommunen, og arrangerte fakkeltog mot nedlegging.

Drangedal vil kjempe for lensmannskontor

I dag har alle kommunepolitikarane i Drangedal vedteke å sende ein invitasjon til politimeister Christine Fossen og politidirektør Odd Reidar Humlegård for å forklare seg på eit møte i bygda.

Tor Peder Lohne

VIL KJEMPE: Tor Peder Lohne er ordførar i Drangedal.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ordførar Tor Peder Lohne lovar at drangedølane vil kjempe vidare for lensmannskontoret.

– Politimeisteren kunne trengt ein rundtur i Drangedal for å bli kjent med geografien og dei utfordringane vi har med kriminalitet, seier Lohne.

Politimeister Christine Fossen seier til Telemarksendinga at Drangedal vil få ein politikontakt som vil vere til stades i kommunen i det tidsrommet politiet meiner det er nødvendig.

– Vi meiner polititenesta i Drangedal blir godt teke vare på gjennom eit tett og godt samarbeid med Kragerø, seier Fossen.

Politimeisteren seier at dei skal i dialog med kommunane om gjennomføringa av politireforma og politikontaktane i dei kommunane som misser lensmannskontor.

Aust-Telemark politidistrikt dekker kommunane Notodden, Tinn og Hjartdal med politistasjon på Notodden og politistasjon på Rjukan.

Seljord og Kviteseid får lensmannskontor

Det aller største geografiske område dekker Midt-Telemark og Vest-Telemark politidistrikt med politistasjon lagt til Sauherad. Det skal dekke kommunane Nome, Bø og Sauherad, Seljord, Kviteseid, Fyresdal, Nissedal, Tokke og Vinje.

Her foreslår politimeisteren lensmannskontor i Nissedal, Vinje, Seljord og Kviteseid og Midt-Telemark lensmannskontor.

Tarjei Gjelstad.

SKUFFA: Ordførar i Kviteseid Tarjei Gjelstad.

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

Ordførar i Kviteseid, Tarjei Gjelstad, er overraska over at tilrådinga inneheld lensmannskontor i både Seljord og Kviteseid.

– No legg politimeisteren husleigekontraktar til grunn. Det overraskar meg veldig. Heilt fram til denne veka var det Kviteseid som var det mest sannsynlege valet for eitt lensmannskontor, seier Gjelstad til Vest-Telemark Blad.

Ordførar i Seljord Halfdan Haugan er godt nøgd med at det framleis skal vere lensmannskontor i Seljord og Kviteseid.

– Eg meiner dei har landa på ei løysing som er bra for oss, seier Haugan til Vest-Telemark Blad.