Hopp til innhold

Politikarane vil stoppe utfrysning

SKIEN (NRK): At ikkje alle barn i klassa vert invitert i barnebursdagar er ein velkjend debatt. No kjem politikarane på bana, og dei ønsker klare reglar for å takle problemet.

Video Prompeenglene - Pappaen i bursdagen

BARNEBURSDAG: Å feire at nokon fyller år er alltid morosamt. Da er det ekstra trist om ein ikkje vert invitert. (illustrasjonsfoto)

Foto: Nyhetsspiller

– Viss den same eleven vert haldt utanfor barnebursdagar gong på gong, fordi foreldra ikkje syter for at denne eleven vert invitert, så må det vere ei politisk oppgåve, seier medlem i hovudutvalet i Skien kommune, Odin Adelsten Bohmann (Ap).

Odin Adelsten Bohmann

NØGD: Odin Adelsten Bohmann (Ap) er nøgd med at ein no skal sjå på moglege felles reglar for invitasjon til barnebursdag i skule og barnehage.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Politikarane i Skien skal no diskutere om dei skal lage felles regler for kven som skal inviterast i bursdagar. Bohmann seier til avisa Varden at det er mange forskjellige løysingar ein kan sjå på. Blant anna at foreldre må invitere heile klassa, eller heile trinnet, når barnet skal feire bursdag.

Det er Bohmann som har teke initiativet til diskusjonen etter at han sende ein førespurnad til administrasjonen i kommunen. Han ønsker at ein nye regel skal gjelde både barnehagar og skular.

– Alle partia er einige om at dette er ei viktig problemstilling. Fordi me veit alle kor skadeleg det er for eit barn å verte haldt utanfor over lengre tid, seier Bohmann.

Sosialt spel

På Bratsbergkleiva skule i Skien er invitasjonar til bursdagar eit tema på foreldremøte kvart einaste år.

– Det er eit problem me kjenner godt til. Bursdagsfeiringar vert jo brukt som eit sosialt spel blant barna, der nokon haldast utanfor, seier rektor ved skulen, Trude Sandvik.

Trude Sandvik

MÅ TA TAK: Rektor ved Bratsbergkleiva skule seier det er viktig at dei vaksne bestemmer når invitasjonane til bursdagar skal sendast ut.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

Ho tykkjer det er bra at politikarane ønsker å ta tak i dette problemet, men ho tur ikkje at eit regelverk er vegen å gå. Fordi reglar aleine ikkje er nok til å styre korleis menneske oppfører seg mot kvarandre.

Sandvik får støtte frå Cathrine Gundersen. Ho er medlem i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og hadde sjølv barnebursdag i heimen da sonen fylte år no nyleg. Da var det 17 barn i huset på ein gong, og ho skjønar godt at ikkje alle foreldre ønsker fulle skuleklasser i heimane.

– Foreldre, som har bestemt seg for å ikkje invitere heile klassa, kjem ikkje til å ombestemme seg sjølv om kommunen anbefaler at dei gjer det, seier Gundersen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark