Hopp til innhold

Politiet: – Kan vere ein idé å setje opp skilt

Ein mann køyrde bilen sin utfor rådhustrappa i Porsgrunn i dag. Det er den fjerde bilen som har rulla utfor kanten sidan trappa stod ferdig i 2007.

Bil i rådhustrappa

FJERDE GONG: Bilen køyrde utfor rådhustrappa i Porsgrunn.

Foto: Martin Torstveit / NRK

I dette tilfellet har me bestemt at han ikkje mistar førarkortet, blant anna fordi det er uoversiktleg på staden, seier operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Ole Jørgen Lund.

Det var måndag ettermiddag at ein bil hamna utfor rådhustrappa i Porsgrunn. Føraren var ein mann i 80-åra som var på veg til tannlegen. Han vart meldt for hendinga, og må stå økonomisk til ansvar for skadane han påførte granittsteinen i trappa.

Ole Jørgen Lund

UOVERSIKTLEG: Operasjonsleiar i politiet, Ole Jørgen Lund, seier eit skilt ved rådhustrappa kunne vore ein god idé.

Foto: Marie Roksund / NRK

– Føraren blir alltid erstatningspliktig når slikt skjer, seier Torbjørn Krogstad.

Krogstad er leiar for kommunalteknisk i Porsgrunn. Han er ikkje einig i at det er uoversiktleg ved rådhustrappa, og trur ikkje eit skilt vil hindre folk i å køyre utfor.

– Kva type skilt skulle det vore? Me kan jo ikkje setje opp eit skilt som seier det er forbode å svinge inn mot trappa, for da vil jo nokon tru at det faktisk går ein veg der, seier Krogstad.

Innspel frå politiet

– Det har jo vore fleire hendingar i denne trappa, og det kunne nok vore ein idé å setje opp eit skilt, og det er eit innspel me har gjeve til kommunen, seier Lund.

Torbjørn Krogstad

FØRAR ER ANSVARLEG: Leiar for kommunalteknisk i Porsgrunn kommune, seier at eit skilt ikkje vil nytte stort på staden.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Krogstad meiner at alt ansvaret ligg på føraren av bilen når slikt skjer, og at om dei ikkje ser at det er ei trapp der, så ser dei ikkje at det er noko skilt som åtvarar mot trappa heller. Krogstad kjenner heller ikkje til innspelet frå politiet.

– Me er jo stadig i møter med politiet, men eg kjenner ikkje til noko spesifikt innspel frå dei i dette tilfellet, seier Krogstad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark