Hopp til innhold

Politiet: - La bilen stå viss du har sommardekk

E134 var stengt fleire stader på grunn av trafikkuhell i dag tidleg. – Sjekk vêr og føre, oppmodar politiet.

Bilberging E134 Flatdal

HEKTISK MORGON: Bilbergarar måtte hjelpe ein bil som stod fast på E134 i Flatdal i Telemark i dag tidleg.

Foto: Ingunn Furuvald

Fleire ulykker i morgontimane gjer at politiet ber folk om å tenke seg om før dei legg ut på vegen i dag.

– Sjekk vêr og føre før du køyrer bil i dag. I visse område må du la bilen stå viss du har sommardekk, seier operasjonsleiar Arlid Alfheim i Sør-Øst politidistrikt.

Han seier det er på høg tid å legge om dersom ein skal ferdast i område med fare for snø og glatte vegar.

– Ikkje tenk på at datoen for piggdekk er 1. november viss du skal køyre på slikt føre. Du vil aldri få bot for å sko deg etter forholda, seier Alfheim.

Mange ulykker på kort tid

På E134 i både Telemark og Buskerud var det mange sjåførar som streva i dag tidleg.

E134 var lenge stengt mellom Flothyl og Hyljelid vest for Edland i Vinje. Der køyrde to vogntog i kvarandre i samband med ei forbikøyring ved 5-tida.

Også i Bøgrend i Vinje var vegen stengt etter ein kollisjon mellom eit vogntog og to personbilar tidleg i dag.

Årsaka skal vere at vogntoget køyrde på raudt ljos i eit område med vegarbeid. Politiet har beslaglagt førarkortet til sjåføren.

Båe stadene er vegen no rydda og open, melder vegtrafikksentralen ved 1130-tida.

I Kongsberg kolliderte tre bilar vest for Saggrenda i Kongsberg i dag tidleg.

Også i Høydalsmo var E134 stengt ein periode på grunn av berging av eit vogntog.

Ingen personar skal vere alvorleg skadde etter hendingane.

Vinterdekk på haustferie

Trafikkoperatør Andreas Larsen hos Vegtrafikksentralen seier det ser ut til at øvre Telemark og øvre delar av Buskerud har dei største utfordringane på vegane no.

Han nemner E134 over Meheia mellom Kongsberg og Notodden, og heile vegen vidare vestover forbi Seljord mot Haukelifjell.

Også i fjellområde som Rauland er det snøføre. Dermed bør haustferieturistar tenke seg om før dei køyrer oppover på sommardekk.

I låglandet er det stort sett bart og vått. Slik er det altså ikkje i høgda.

– Skal ein over fjellet i tida framover, er det vinterdekk som vil gjelde uansett. Dei høgare temperaturane som er meldt framover vil ikkje gjelde på same måte her, seier Larsen.