Politiet skjerpar tryggleiken

Politiet skjerpar tryggleiken for eigne tilsette etter dei nye trugsmåla om terroråtak som denne gongen rettar seg mot politiet og forsvaret.

Politimeister Rita Kilvær, Telemark Politidistrikt

Politimeister i Telemark Rita Kilvær seier det er terror frå enkeltpersonar det blir åtvara mot.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Politimeister i Telemark, Rita Kilvær, seier at det blir åtvara mot at det kan kome terroråtak mot personar knytt til styresmaktene, og i hovudsak mot personar i politiet og forsvaret.

– Det betyr at vi som tilsette i politiet må vere ekstra på vakt, og er nøydde til å ta vår eigen tryggleik på alvor, seier Kilvær.

Les også:

Men det betyr ikkje at politimeisteren får eigne vakter, men alle som arbeider for politiet er blitt bedne om å vise ekstra merksemd.

Rita Kilvær

Rita Kilvær er politimeister i Telemark.

Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK

– Vi må vere ekstra nøye med slike ting som adgangskontroll, og andre ting som må til for at vi skal ha ein trygg arbeidsplass, seier Kilvær.

I praksis betyr det at politiet skal gjere jobben sin som vanleg, men dei skal øve på tryggingsoppgåver for å kunne gjere sitt beste.

– Det betyr at vi må oppbevare utstyret på ein trygg måte, og arbeide med vår eigen kultur for tryggleik, seier Kilvær.

Vil ikkje væpne seg

Førebels er det ikkje slik at politiet skal væpne seg.

– Men alle våre politibilar har eit låst skap i bilen med våpen som er lett tilgjengelege for politipersonell, seier Kilvær.

Politimeisteren seier at folk i Telemark ikkje treng å vere redde, men politiet tek gjerne i mot meldingar frå dei som kjenner at dei er uroa.

Les også:

Konkret går terrorvarselet ut på at det er enkeltindivid som kan utføre terrorhandlingar med enkle verkemiddel.

– Som til dømes ved bruk av skytevåpen eller kniv. Og det liknar kanskje meir på den type kriminalitet politiet er vane med, seier Kilvær.

Politimeisteren seier personane som det blir åtvara mot er knytt til syriafarar og IS, eller personar som er knytt til ein ideologi som ønskjer å ramme politipersonell er andre personar frå styresmaktene.

NRK anbefaler