NRK Meny
Normal

Politiet: Sjekkar mogeleg ureining i Frierfjorden

Politiet har i dag teke prøver av vatnet i Frierfjorden.

Forerensing Frierfjorden

Området som kan vere ureina ligg nær Vold, og strekker seg over 400 meter.

Foto: Ole Peder Pedersen

I føremiddag fekk politiet melding frå publikum om at store område i sjøen ved Vold i Skien var farga raud.

– Beltet strekker seg over 400 meter, og det ser ut som ein tynn film med raudmåling i overflata, seier operasjonsleiar Petter Hovet hjå politiet i Telemark.

Politiet har vore på staden, men har førebels ingen teori om kvar stoffet som fargar fjorden kjem frå.

Etterforskinga held fram mens politiet ventar på at prøvene blir analysert.

Laster Twitter-innhold

Og etterforskinga viste at det raude stoffet i vatnet stammar frå ein kloakklekkasje. Det er eit raudt stoff som blir bruka til å lokalisere slike lekkasjar.

– Ufarleg, melder politiet i Telemark på Twitter.

Frierfjorden

Det raude beltet strekker seg over eit område på 400 meter.

Foto: Ole Peder Pedersen