Politiet rykka ut etter trugsmål

Politiet har rykka ut med fleire patruljar til Skogmo vidaregåande skole i Skien i dag, og har kontroll på ein mann som skal ha kome med trugsmål om å kome med våpen til skulen. Operasjonsleiar Merete Kvaal i Sør-Øst politidistrikt seier til Varden at det ikkje er kome trugsmål om skuleskyting, eller om at nokon namngjevne personar skal skytast.