Hopp til innhold

Gode råd for å unngå det verste

Korleis bør ungdom og foreldre opptre i dei populære maihelgene? Svara får du frå politiet.

Russ 2014

Foreldre bør spørje kor ungdomen går på fest og vite om det er trygt i dei populære maihelgane.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Politiet i Grenland gir råd til ungdom og foreldre om korleis dei skal opptre i dei populære maihelgene.

Les også: Her har de rekordlang russetid

Politioverbetjent John Eivind Ullenes ber foreldre om å få vite kor ungdomane går og forsikre seg om at det er trygt å vere der.

– Vi har sett det tidlegare år at der det er samla mange ungdomar, slik det ofte blir når det er vår, så hender det ofte at enkeltpersonar går litt over grensa. Og då kan det skje uønskt ting, både ulovleg ting og ting som går ut over helsa til andre folk, seier Ullenes.

Viktige rollemodellar

John Eivind Ullenes, Grenland politistasjon

John Eivind Ullenes ved Grenland politistasjon gir råd for maihelgane.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han understrekar at ungdom i Skien og elles i landet er stort sett veldig bra. Framfor dei populære maihelgene ønskjer politiet å gje råd til foreldra.

– Dei må følgje dei vanlege fornuftige råda. Vere klar over kven ungdomane er i lag med og kor dei skal, og at det er trygt å vere dit dei skal, seier Ullenes.

– Kor mykje kontroll må foreldre ha når ungdomane er over 18 år?

– Foreldre er dei viktigaste rollemodellane for ungdom fram til dei er omtrent vaksne. Så det er viktigare enn det ein kanskje sjølv trur, seier Ullenes.

Han viser til at det tidlegare er arrangert tilsynelatande offentlege festar på stader, som til dømes Gåsodden, der foreldre har køyrt ungdomen dit og sleppt dei av og trudd at det var trygt, noko det ikkje var.

– Det handlar rett og slett om å kjenne terrenget som ungdomen ferdast i, seier Ullenes.

Han meiner likevel at ungdomen skal få vere sjølvstendige.

– Det er lov å vere ute, og det er lov å ha det gøy. Politiet vil ikkje legge ein dempar på det, seier Ullenes.

Les også: – Topp stemning, fyll og fanteri. Men blide er vi

Foreldre må bry seg

Politiet har i samarbeid med Skien, Porsgrunn og Bamble mobilisert litt ekstra for å vere synlege og vere ein medverkande faktor til at det går bra.

– Men vi klarar det ikkje å åleine. Vi må ha skikkeleg god hjelp av ungdomane sjølv og av foreldra, seier Ullenes.

Politiet meiner det er viktig å bruke vanleg sunn fornuft når ein er på stader der det er mange folk, og der det kan bli brukt alkohol og andre rusmiddel.

– Då bør dei vite at dei tar ein risiko. Det kan vere folk som ikkje berre er ute etter å ha det gøy, men som også vil slåst eller vil omsette rusmiddel, seier Ullenes.

Foreldre må bry seg så mykje at dei kjenner ungdomens arena, og enten hentar og bringar sjølv eller allierer seg med andre foreldre som kan gjere det.

Les også: Slik vil de unngå overgrep i russetiden