Hopp til innhold

Politiet meiner 52-åring døde før brannen starta

Politiet meiner dei har opplysningar for at den 52-år gamle mannen som blei funnen død i ei blokkleilegheit i Skien var drepen før brannen starta.

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok

Politiadvokat seier det har kome fram opplysningar som gjev politiet grunn til å mistenke at den 52 år gamle mannen døde før det brann i leilegheita i Gamlegrensa.

Foto: Roald Marker / NRK

Siste frå Nedre Telemark tingrett: 30-åringen som er sikta for drap på Terje Sjåberg (52) i Skien blei varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod i heile fengslingsperioden. Han er underlagt full isolasjon dei to første vekene.

Den 27 år gamle kvinna som er sikta for grovt skadeverk i same sak blei varetektsfengsla i to veker med brev- og besøksforbod.

Endra siktinga mot 30-åring

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok seier at politiet har endra siktinga på den eine av dei som er tiltalt etter brannen i høgblokka Gamlegrensa i Skien då ein 30 år gamal mann og ei 27 år gamal kvinne blei framstilt for varetektsfengsling onsdag.

– Det har kome fram opplysningar som gjev politiet god grunn til å mistenke at avdøde er drepen og at han var død før brannen starta.

– Kva for bevis har politiet for det?

– Det kan eg ikkje seie noko om, seier Ljosok.

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok i retten

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok fortel av politiet har opplysningar brannen i Gamlegrensa blei starta etter at ein 52 år gamal mann var død.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Politiadvokat Kjell Ove Ljosok fortel til avisa Varden at det blei sett fyr på verandaen, der Terje Sjåberg (52) blei funnen død. Dei som bur i ein av dei andre blokkene har fullt innsyn til verandaen, og skal ha sett det.

– Vi har vitneobservasjonar av det, seier politiadvokat Kjell Ove Ljosåk.

Avisa Varden skriv at den 27 år gamle kvinna har i detalj fortalt politiet korleis sambuaren skal ha drepe Terje Sjåberg (52) og tente på leilegheita. Det går fram av fengslingskjennelsen mot den drapssikta 30-åringen, som også sikta for å han tent på leilegheita i Gamlegrensa.

Politiet vil ha brev og besøksforbod

Politiet krev fire veker i varetekt med brev og besøksforbod i heile fengslingsperioden for mannen som er sikta i saka. Og isolasjon i dei to første vekene.

For kvinna ønskjer politiet varetektsfengsling i to veker med brev og besøksforbod, og isolasjon i ei veke.

– Det er for å hindre at dei kan påverke forklaringa til kvarandre, eller at dei påverkar forklaringa til vitne, eller samordnar sine forklaringar.

Advokat Bjørn Nærum i retten

Advokat Bjørn Nærum er forsvarar for kvinna som er sikta for grovt skadeverk etter brannen i Gamlegrensa i Skien.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Sikta for drap og skadeverk

Den 27 år gamle kvinna er sikta for grovt skadeverk i form av å ha sett fyr på leilegheita og høgblokka, eller å ha medverka til det same.

Den 30 år gamle mannen er sikta for drap, og grovt skadeverk på leilegheita og på høgblokka.

Ljosok seier det er vanskeleg for politiet å fortelje noko om korleis dette har skjedd, men dei etterforskar saka på brei basis og er opne for alle moglegheiter.

– Vi har grunnlag for å seie at den omkomne og dei to som er sikta i saka kjente til kvarandre, men noko meir enn det er uklart.

– NRK kjenner til at den drepne har hatt ei viktig sosial rolle i høgblokka. Spelar det ei rolle i saka?

– Det er ukjent for oss, seier Ljosok.

Nektar for straffskuld

Advokat Bjørn Nærum er forsvarar for kvinne og seier at hans klient nektar straffskuld for det ho er sikta for.

– Ho fortel at ho ikkje har noko rolle, og har forklart at det har skjedd ting. Men ho har ikkje deltatt.

Drapssikta sin advokat Andreas Nyhaug har sagt til NRK at hans klient blei kjent med endringa i siktinga tysdag kveld.

Nyhaug seier at han har forklart seg for politiet, men har ikkje erkjent straffskuld og har bedt om å bli sett fri. Men han samtykker til at retten kan avgjere varetektsfengsling utan at han er til stades i retten.