NRK Meny
  • Brannutrykning på Rjukan

    Politi og brannvesen har rykket ut il Torget 2 på Rjukan. Det er meldt om røykutvikling på stedet.

  • Ber innbyggjarane om hjelp

    Porsgrunn kommune har auka beredskapen etter at det er varsla ein nedbørstopp i kveld. Kommunen ber om hjelp frå folk, og oppfordrar alle til å «adoptere» eit sluk. Det vil seia at ein held auga med eit sluk og held det fritt for lauv og anna.

  • Redusert lærartettleik

    Etter trykk frå fylkeskommunen, har Skien og Porsgrunn vidaregåande skular redusert lærartettleiken. Dei har òg slått saman klasser og redusert bruk av vikarar for å få budsjetta sine i balanse. Statusrapporten for dei økonomiske tiltaka blir lagt fram for fylkestinget i dag.

  • Bil utfor vegen ved Eidsborg

    Ein bil har køyrt av vegen på fylkesveg 45 mellom Høydalsmo og Eidsborg i retning mot Eidsborg, ifølge tipsar. Det kan vere vanskeleg å passere for større køyretøy, melder NRK Trafikk. Det er også meldt om litt snø i området, så køyr forsiktig.