NRK Meny

Politiet gav mange bøter i Tinn

UP har saman med lokalt politi gjennomført fleire trafikkontrollar i Rjukan i dag. Det blei gitt til saman 25 reaksjonar. To bøter for å ikkje stoppe for fotgjengar i forgjengerfelt, tre bøter for handholdt mobiltelefon, 13 beltegebyr, ein kontrollseddel og to bøter for høg fart. Høgste målte fart var 73 km/t i ei 60 km/t sone. Det blei i tillegg gitt fire parkeringsgebyr. I alt blei det kontrollert 104 kjøretøy.