Hopp til innhold

Politiet går nye vegar for å nå ungdom

SKIEN (NRK): Politiet i Telemark går nye vegar og brukar sosiale medier for å rekruttere nye politistudentar.

Politistudent Vibeke og politioverbetjent Bård Kiste, Skien

Vibeke er politistudent med praksisplass i Skien og politioverbetjent Bård Kiste har ansvaret for dei som får praksisplassar ved Telemark Politidistrikt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Politioverbetjent Bård Kiste seier at politiet ønskjer å nå ut til målgruppa med potensielle søkarar til politihøgskolen.

– Då tenker vi at det er på sosiale medium denne målgruppa er i dag, og at vi kan nå dei der med informasjon, seier Kiste.

Politiet ønskjer å rekruttere potensiell søkarar frå Telemark til politihøgskolen, men informasjonsmøte er opent for alle som er nysgjerrige og vil få vite litt meir om politiet.

– Politiet treng å rekruttere frå heile landet for å få fram dei kulturelle forskjellane. Og telemarkingar kjenne jo Telemark, så dei kan gjere ein god jobb når dei kjem tilbake for å jobbe i politiet her, seier Kiste.

Fann informasjon på internett

Vibeke er politistudent og har praksisplass i Skien. Ho søkte på internett for å finne informasjon om opptakskrav på Politihøgskolen sine heimesider.

På ungdomsskolen skreiv ho ei oppgåve om politiet, og fekk blant anna besøke politistasjonen i Skien.

– Eg har alltid hatt lyst til å bli politi. Farfar jobba i politiet, og han har vore ei inspirasjonskjelde for meg.

Treffer unge på sosiale medier

Vibeke meiner det er heilt i tråd med utviklinga i dagens samfunn å bruke sosiale medium.

– Dei fleste unge er der, og då er det ein veldig aktuell informasjonskanal for å nå ut til ungdomen.

Informasjonsmøtet på Stevneplassen er for alle som er nysgjerrige og vil vite meir om korleis dei kan bli politi, og korleis det er å jobbe i politiet.

– Men ungdomskuleelevar, elevar i vidaregåande skole, foreldre eller rådgivarar som har ein jobb retta mot ungdom eller andre interesserte er velkomne, seier Kiste.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark