Hopp til innhold

Politiet etterforskar drapstruslar mot ordførar

Politiet har på eige initiativ starta etterforsking av drapstruslane mot Sven Tore Løkslid.

Sven Olav Løkslid

Ordførar Sven Tore LØkslid vil ikkje kommentere drapstruslane, og ønskjer fokus på å rette opp feil i eigedomsskatten.

Foto: Børre Karterudseter / NRK

Lensmann i Hjartdal, Berit Dahle seier til lokalavisa Telen at politiet har oppretta sak på bakgrunn av dei opplysningane som kom fram i lokalavisa.

Løkslid skal ha blitt truga på livet via eit brev han fekk i posten der han fekk eit bilete av seg sjølv med ein kniv i panna.

– Vi har også motteke ei forklaring frå ordføraren og etterforskar saka, seier Dahle.

Ut over det vil lensmannen i Hjartdal ikkje kommentere saka i lokalavisa.

Vil ha fokus på å rette opp feil

Ordføraren ønsker heller ikkje sjølv å kommentere saka. Løkslid har tidlegare sagt til NRK at han har fokus på å lande saka om eigedomsskatt i kommunen på ein ryddig måte.

Kommunen har fått til saman 750 klager på eigedomsskatten i kommunen. Og mange meiner den nye skatten er utrekna feil, og at dei må betale for mykje.

– Alt tyder på at det er gjort feil, og det skal vi rette opp i, sa Løkslid til NRK.

Ordføraren har ikkje noko fagforeining eller ein arbeidsgivar som kan hjelpe han i slike saker.

All ære til ordføraren

Regiondirektør i KS for Buskerud, Telemark og Vestfold, Eva Lian, seier til Telen at dersom ordføraren i Hjartdal eller i andre kommunar føler at dei blir trakassert, så er det fullt mogleg å kome til KS for å snakke med nokon.

– Det tener til ordføraren si ære den måten han har handtert dette på. Han er oppteken av å rydde opp i saka, og ønskjer ikkje fokus på eigen person, seier Lian til Telen.

Regiondirektøren synest likevel på generelt grunnlag at det er leit at folk tyr til slike trugsmål. Og meiner det ikkje høyrer heime i eit land som feirar 200 års jubileum for Grunnlova i 2014.

– Den type misnøye vi ser i Hjartdal høyrer heime i land vi ikkje likar å samanlikne oss med, seier Lian.

Ho er redd slike hendingar er med på å skremme folk vekk frå å søke seg til tillitsverv i politikken.