Hopp til innhold

Politiet: – Folk melder ikkje ifrå om ulykker

VINJE/TOKKE (NRK): Alkohol og alvorlege ulykker på snøskuter går ofte hand i hand, meiner politiet.

Lensmann i Vinje, Trond Flothyl

KONTROLL: Lensmann i Vinje, Trond Flothyl, seier det er vanskeleg å handheve ulovleg snøskuterkøyring.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Når det skjer ulykker der politiet er involvert, ser me ofte at det er alkohol inne i bilete, seier miljøkrimkoordinator i Sør-Aust politidistrikt, Jon Galteland.

Galteland og Trond Flothyl, som er lensmann i Vinje, er ute i snøskuterløypene på Rauland for å sjå at alt går føre seg som det skal.

– Me ser at det er ein del ulykker som er knytt til hyttefestar der ungdom samlar seg, seier Flothyl.

Det finst ikkje gode statistikkar på ulykker og dødsfall knytt til fyllekøyring på skuter, men fleire politidistrikt støttar opp om uroa til Galteland og Flothyl. I Trøndelag, Troms og Vest politidistrikt har dei fleire av dei same erfaringane.

Miljøkrimkoordinator Søraust politidistrikt, Jon Galtland og Trond Flothyl, lensmann i Vinje

UROLEGE: Lensmann i Vinje, Trond Flothyl (framfor) og miljøkrimkoordinator, Jon Galteland (bak).

Foto: Martin Torstveit / NRK

Fokus på alkohol

På Skafså i Tokke har ei stor gruppe menneske møtt fram for å ta førarkort på snøskuter. Eit tilbod fleire nyttar seg av etter lovendringa i 2006, som krev at ein tek eige sertifikat på snøskuter.

– Me har løyve opp til hytta, så da er det fint at eg kan køyre opp dit når me skal på gutetur, seier deltakar Hauk Røstvik Sauro.

I løpet av kurset skal dei lære å verte trygge og gode sjåførar. Mykje av teorien handlar om køyring i rusa tilstand.

– Sjølv ville eg aldri køyrd om eg hadde drukke, men eg veit jo at folk gjer det, seier Sauro.

Hauk Røstvik Sauro

ANSVAR: Hauk Røstvik Sauro tek lappen på snøskuter slik at han vert ein trygg sjåfør.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Krass kritikk

Politiet fryktar også at det er store mørketal, fordi folk ikkje melder ifrå, i frykt for å verte straffa.

– Terskelen for å melde ifrå til oss er veldig høg, når det skjer ulykker knytt til ulovleg køyring, seier Galteland.

Politiet opplever også at nokre miljø kan strekke seg langt for å dysse ned skuterulykker. Dette vart eit tema i Vest-Telemark tingrett i september i fjor.

Ein 19 år gammal mann vart dømd for fyllekøyring i Fyresdal, etter ei snøskuterulykke der ein annan mann døydde. Begge to var påverka av alkohol.

Basert på samtaleloggar frå tida umiddelbart etter ulykka, kritiserer tingretten også vennekretsen til dei to som var involvert i ulykka.

– Det ser ut som deltakarane har vore meir opptekne av å samkøyre eigne forklaringar enn resultatet av den tragiske ulykka og oppklaring av kva som hadde skjedd, står det i dommen frå september.

Miljøkrimkoordinator Søraust politidistrikt, Jon Galtland

MØRKETAL: Miljøkrimkoordinator i søraust politidistrikt, Jon Galteland, er redd folk ikkje melder ifrå etter ulykker på snøskuter.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Krevjande kontroll

I tillegg til mørketala, slit politiet med å kontrollere snøskuterkøyring.

– Det er veldig ressurskrevjande, og det er vanskeleg å vere på rett plass til rett tid. Me er veldig avhengige av tips frå publikum, seier Flothyl.

Dei erfarer også at fleire nyttar seg av snøskuterar no enn før.

– I kommunane rundt Hardangervidda har om lag kvar fjerde innbyggjar snøskuter, så aktiviteten er stor, seier Galteland.