Ber folk varsle om mistenkelege personar

Politiet vil at folk skal ha låg terskel for å seie ifrå om personar som viser teikn på tilknyting til ekstreme miljø.

Blomster utenfor Bærums-moskeen

BLOMAR VED MOSKEEN: Al-Noor Islamic Center i Bærum blei angripen laurdag ettermiddag.

Foto: Nadir Alam / NRK

Politiet over heile landet intensiverer arbeidet sitt retta mot mistenkelege personar og miljø etter moskeskytinga i Bærum i helga.

21 år gamle Philip Manshaus er sikta for drap og terroråtak på moskeen Al-Noor Islamic Centre.

Publikum blir bedne om å vere vakne.

– Me ber folk om å melde frå til politiet om personar som gjev uttrykk for ekstreme haldningar, eller endrar åtferd og handlingsmønster. Eller viser andre teikn på tilknyting til ekstreme miljø, seier politiinspektør Kenneth Berg i Sør-Øst politidistrikt.

Aukar beredskapen

Alle politidistrikta i landet fekk sundag instruksar frå Politidirektoratet om å auke beredskapen i samband med id-feiringa.

Svært mange muslimar i Noreg feira id på sundag, men nokre stader blir det arrangert feiringar utover i veka.

Mellom anna skal politifolk som er til stades ved større arrangement og samlingar av folk bere våpen.

Låg terskel for å melde frå

Kvart politidistrikt har ansvar for å vurdere kva tiltak som er aktuelle i området sitt.

Visepolitimeister Heidi Kløkstad i Nordland politidistrikt seier dei vil vere endå meir vakne og fylgje med framover.

– Også her ynskjer me at folk skal ha låg terskel for å melde frå om ting som dei oppfattar mistenkeleg, seier Kløkstad.

Tek sjølvkritikk

På ein pressekonferanse seint måndag ettermiddag blei politiet spurt ut av journalistar om tipset dei fekk om terrorsikta Philip Manshaus i fjor.

Visepolitimeister Bjørn Vandvik i Oslo politidistrikt seier at dei i ljos av det som no har skjedd burde sjekka tipset endå grundigare.

– Det er lett å vere etterpåklok. Me gjorde undersøkingar ut frå tipset som kom inn, men fann ikkje grunnlag for å setje i gang tiltak. Me tok heller ikkje direkte kontakt med Manshaus, seier Vandvik.